nyhende

Oddny J. Baustad (t.v.) og Eli Hovland frå Vinkel-Arkitekter fekk kjennar litt på korleis det bles på Ryvarden.
Oddny J. Baustad (t.v.) og Eli Hovland frå Vinkel-Arkitekter fekk kjennar litt på korleis det bles på Ryvarden.

Spennande oppdrag på Ryvarden

Oppdraget er kort oppsummert korleis får meir overnatting på Ryvarden. Korleis det kan gjerast får Sveio kommune svar på om vel 6 veker.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er eit forprosjekt til budsjettvedtaket kommunestyret har gjort om å sjå på utviding av overnattingskapasiteten på Ryvarden. Det var ikkje vanleg utlysing, men tre firma vart invitert til eit prosjekt med fast pris, fortel Bente Marie Johansen, leiar for eining for samfunnsutvikling.

Då det blei vurdert kven som skulle få oppdraget, var kvalitet, innhald og at det kunne gjerast innan fristen viktige kriterier.

Uvanleg kort frist

– Det er uvanleg kort frist med levering i løpet av veke 48, og det var Vinkel-Arkitektar som fekk oppdraget. Oddny J. Baustad og Eli Hovland var med oss og besøkte Ryvarden i slutten av september. Allereie då dukka det opp idear, seier Johansen.

Slik oppdrag kjem ikkje opp så ofte. Og særleg ikkje med dei føresetnadane dette forprosjektet har.

– Me har valt å ikkje legga nokre særleg med føringar for at dei skal stå mest mogeleg fritt til å finna dei løysingane dei meiner er best. Så me er spente på rapporten dei leverer, seier Johansen.

Andre aktørar

Rapporten vil danna grunnlaget for det vidare arbeid med å auka overnattingskapasiteten på Ryvarden. Her vil ein også sjå på samarbeid dei andre aktørane på Ryvarden. Haugesund Turistforening som eig Floke-hyttene og Kystverket som eig fyrtårnet.

Firmaet blei etablert i 1979 som Arkitektfirmaet Knut Kolstø AS. Dei har skifta namn til Vinkel-Arkitekter og flytta i 2017 inn i Aksdal næringspark. Dei er i dag fire arkitektar med utdanning frå Tronheim, Bergen, Dublin og London, og arkitektur og Interiørarkitektur er to av fire hovudarbeidsområde.

Powered by Labrador CMS