nyhende

21 speidarar deltok i ryddeaksjonen.FOTO: PRIVAT
21 speidarar deltok i ryddeaksjonen.

Speidarar samla inn ein haug med søppel

Til saman 21 speidarar i Førde var forleden ute på ein skikkeleg miljødugnad i nærområdet sitt.

Publisert Sist oppdatert

10 småspeidarar rydda søppel langs strandpromenaden og Elvestia i Førde, mens 11 storspeidarar fordelte seg i tre båtar og samle søppel langs strende i Førdepollen, på Rex Island og Lindøy.

Storspeidarane jakta søppel frå båt.

— Til saman vart det ein heil haug med søppel. Alt frå gamle vindauge til sko og anne som anten har drive i lande frå havet, eller som folk berre har etterlete seg på øyane, fortel Claudia Mocci, som er leiar for storspeidarane i Førde.

Samfunnsansvar

Søppelet blir levert til Sunnhordland interkommunale miljøverk.

Ho fortel at speidarane plar å ha ryddeaksjonar to gong i året.

— Me plar å rydde og gjere det fint til 17. mai, og så har vi ein ryddeaksjon som dette om hausten. Me ser på det som ein del av samfunnsansvaret vårt, fortel ho.

Treng fleire vaksne

Førdespeidarane er særs aktive for tida, og som Vestavind skreiv tidlegare i år, vart patrulje Ørn i Førdespeidarane til og med noregsmeistrar i speiding.

Småspeidarane samla søppel mellom anna langs Elvestien i Førde.

— Speiding er blitt veldig populært, og no har me faktisk ventelister før me tek inn nye. Difor har me óg ei stor oppmoding til vaksne om å melde som leiarar, slik at me kan ta i mot fleire unge. Så om det er nokon vaksne mellom 18 og 100 år som vil vere med å lære barn om friluftsliv, så er det supert om dei tek kontakt med oss, seier Mocci.

Powered by Labrador CMS