nyhende

Spanande jakt på påskeegg

Allereie frå tidleg føremiddag var fleire hundre meter av vegkanten ut til Ryvarden tettparkert med bilar. Likt som tidlegare år hadde fleire hundre valt Ryvarden som turmål.

Publisert Sist oppdatert

Alle alderstrinn var å sjå på Ryvarden palmesøndag. Sjølv om jakta etter påskeegg var eit mål for mange av dei yngste deltakarane, var også destinasjonen Ryvarden, i godt lag, eit mål i seg sjølv. Det strålande veret med sol og lite vind gjorde at Sveio kunne visa seg frå si beste side, og besøkande frå nabokommunar tok også turen til Ryvarden. I ein solvegg møtte Vestavind tre damer iførte fargerike påskegensarar som såg ut til å nyta kvart streif av sol. Kjellaug Fjelland, Brita Hydle og Hellen Gerdhardsen hadde teke turen frå Kopervik og hadde pakka sekken med god niste og kaffi.

Eggjakt og kos for familien

Frå tidleg start på føremiddagen og fleire timar utover var det stor aktivitet i terrenget rundt Ryvarden. Småbarn klatra og hoppa på berga på jakt etter egg. Mange foreldre medverka til leitinga. Egg var av den varianten me kjenner frå frukostbordet, men her kunne dei, i motsetning til frukosten, bytast inn hjå sjølvaste påskeharen mot noko søtt. Blant dei som kosa seg med noko godt var Karolina, Johannes og Helene, alle med etternamnet Kinn Eidsvåg.

– Me har fått snop frå påskeharen, fortel ei nøgd Karolina, medan søskena nikka einige og kosa seg med godsakene.

Travelt liv på Ryvarden

Mange krinkar og krokar av terrenget på Ryvarden blei saumfart i håp om å finna egg. Kulturfyrvaktar Ruth G. Ø. Eriksen kunne fortelja at det var kokt opp omlag 300 egg til påskeeggjakta. Desse vart lagte ut i fleire omgangar for å sikra at det blei egg å finna for alle. Eriksen kunne også fortelja at det var stor pågang i kafeen, og tre doble vaffeljern steikte utan stopp for å betene besøkande gjester. Dei som var innom kafeen kunne også sjå utstillinga til Bente Sandtorv som opna kunstsesongen på Ryvarden tidlegare i vår.

Powered by Labrador CMS