nyhende

Songgruppa Sela på soknehuset i Sveio.To av medlemmane( Astrid Karin Strand og Ann Helen Velde) var ikkje til stades då biletet vart tatt.Frå venstre: Robert Bauge, Erna Vestvik Andersen, Lisbeth Våbene og Sveinung Andersen.FOTO: PRIVAT
Songgruppa Sela på soknehuset i Sveio.To av medlemmane( Astrid Karin Strand og Ann Helen Velde) var ikkje til stades då biletet vart tatt.Frå venstre: Robert Bauge, Erna Vestvik Andersen, Lisbeth Våbene og Sveinung Andersen.

Songgruppe frå Sveio har laga plate

Songgruppa Sela frå Auklandshamn har gitt ut plate etter to år med arbeid. Dei fem medlemmane har skrevet dei fleste songane sjølv, og er inspirert av deira tru. — Me ynskjer å formidle eit bodskap, seier vokalist Sveinung Andersen.

Publisert Sist oppdatert

— Vi tenkte det var viktig å gi ut ei fysisk plate, for det er ikkje alle som er på dei digitale plattformene, seier Sveinung Andersen, vokalist i songgruppa Sela.

Plata har fått namnet «Kvile i hans fred» og er resultat av over to års arbeid. Den vart spelt inn i eit studio på Karmøy og gruppa leigde inn profesjonelle musikarar til nokre rollar. Men, dei spelte mykje instrument sjølv også.

— Eg speler piano, saksofon og trompet på plata sjølv, seier Andersen.

— Kjekk prosess

Songgruppa Sela består av dei fem medlemmane Sveinung og Erna Andersen, Lisbeth Våbene, Astrid Karin Strand og Ann Helen Velde.

Er ein observant kan ein sjå at fornamna deira til saman utgjer namnet på gruppa. Akronymet SELA representerer dei, men det kjem eigentleg frå bibelen.

— Det er eit musikkbegrep frå salmane, seier Andersen.

Han fortel at det har vore ein veldig kjekk prosess for dei fem, og plata har vore spennende å jobbe med. I august var dei i mål og kunne endeleg gje den ut.

— Me har fått ein god mottaking og det var veldig kjekt, seier Andersen.

Travel gruppe

Dei er ei aktiv songgruppe, som brukar nesten kvar helg på å syngje for nokon. Søndag før intervjuet var dei i soknehuset i Sveio.

— Det er ikkje noko turne, men me er jo rundtom, seier Andersen.

Eit medlem som for tida er borte frå gruppa er Astrid Karin Strand, og det vert litt for langt å pendle til konsertar. Det er fordi Strand og ektemannen er i Kenya på misjonsarbeid, og skal bli der i to år. Men dei andre medlemmane har fått sendt ho ein cd, så ho slipp å vente til ho kjem tilbake til Noreg for å høyre sitt eget verk.

— Kva slags sjanger tilhøyrer plata dykkar?

— Me har ein veldig vid ein, så det er masse forskjellige stiler. Litt gospel, litt moderne og noko gamalt me har fornya. Me er open for alle stilar, seier Andersen.

Powered by Labrador CMS