nyhende

Mange av dei utlyste sommarjobbane er innan helse, pleie og omsorg.
Mange av dei utlyste sommarjobbane er innan helse, pleie og omsorg.

– Sommarjobb kan vera viktigare enn du trur

No er det høgsesong for å søka sommarjobbar. I mars er det nær 600 utlyste sommarjobbar i Vestland.

Publisert Sist oppdatert

Totalt er det om lag 4.000 ledige jobbar i Vestland lyst ut i mars. Nær ein fjerdedel av desse er innan helse, pleie og omsorg, og mange av desse er sommarjobbar.

Positivt med tidleg erfaring i arbeidslivet

Avdelingsdirektør Frode Storvik i NAV Vestland meiner tidspunktet er godt for dei som ønsker å skaffa seg jobberfaring. Han trur sommarjobb kan vere ein god start spesielt for unge arbeidssøkarar.

– Sommarjobb kan vera viktigare enn du trur. Forsking frå SSB viser at ungdom som har arbeidsinntekt før dei er 18 år i gjennomsnitt tener om lag 100.000 meir seinare i livet enn dei som ikkje hadde. Å få tidleg erfaring frå arbeidslivet kan gi meistring, utvida nettverk og verdifull erfaring som kjem til nytte på fleire måtar, seier Storvik.

Sommarjobbtilskot til unge

– Er du mellom 16 og 29 år og ikkje har arbeidserfaring, kan du kontakta ditt lokale NAV-kontor om du ikkje lykkast med å skaffa sommarjobb på eiga hand. NAV-kontoret vil vurdera kva hjelp du treng, og har moglegheit til å nytte NAV sitt sommerjobbtilskot, seier Storvik.

Tilskotet er for ungdom som er mellom 16 og 29 år som har utfordringar med å koma inn på arbeidsmarknaden på vanlege løns- og arbeidsvilkår.

Powered by Labrador CMS