nyhende
Sommarfugleffekten
Forskar Leif Aarvik (70) har vigd livet sitt til sommarfuglar. Aller mest har han sverma for dei som flyg om natta.
– På verdsbasis har vitskapen beskrive 170.000 sommarfuglartar, men det reelle talet er kanskje tre–fire gonger større. Det er jo veldig mange artar som framleis ikkje er beskrivne. Av og til finn vi også artar her i landet som er heilt nye for vitskapen. Artar som er nye i Noreg, finn vi derimot kvart einaste år.
Nattsvermeri
Leif Aarvik står bøygd over ei trekasse med såkalla viklarar. På litt avstand ser dei ut som unnselege grå og brune møll, men når du kjem nærare, trer dei skjelkledde vengjene fram med ein imponerande variasjon av kamuflasjemønster og marmoreringar av striper og flekkar.
Dei fleste sommarfuglar har eit kort liv. Nokre lever berre eit par døgn, andre i to–tre veker. Av dei mange hundre tusen sommarfuglindivida Aarvik har studert gjennom sitt lange yrkesliv, er det nattsommarfuglane viklarar han har brukt aller mest tid på. Det er ikkje heilt tilfeldig.
– Av dei rundt 2300 sommarfuglartane som er funne i Noreg, er berre 100 dagsommarfuglar. Resten er nattsommarfuglar som flyg i skumringa og om natta, og viklarane er den mest artsrike sommarfuglfamilien me har her i landet. Det normale for ein sommarfugl er altså å vere liten og fly om natta.
Men det er dagsommarfuglane våre som er mest truga?
– Det er alltid pengane som vinn
– Ja. Det er fordi dei fleste dagsommarfuglane er knytt til det gamle, opne og blomsterrike kulturlandskapet. Dagens intensive landbruk, med utstrekt bruk av gjødsel, resulterer i ein monokultur der blomstrane forsvinn. Mange av vertsplantene som sommarfugllarvene lever på, er blant dei som blir borte, forklarar Aarvik og ristar betenkt på hovudet:
– Då eg gjekk tur i nærområdet der eg vaks opp på Gjøvik for 50 år sidan, høyrde eg kanskje ti fugleartar og såg det same talet på dagsommarfuglar. Ein som bevegar seg der i dag, høyrer kanskje to fugleartar og ser to dagsommarfugleartar, men tenkjer ikkje over at det er færre artar enn før. Folk trur alt er i orden, fordi det framleis er grønt.
Og samstundes finst det historier om korleis til dømes klippeblåvengjen, som nesten var utrydda, velta eit stort utbyggingsprosjekt?
– Jau då. Men kreftene som øydelegg natur er sterkare enn kreftene som prøver å bevare, og sigrane vi vinn er også færre og mindre. Verdiar som ikkje kan målast i pengar, blir alltid vege opp mot arbeidsplassar og profitt. Og det er alltid pengane som vinn.
Spennbrett i femte
Det var læraren han hadde i femte klasse som sette unge Aarvik på ideen om å samle sommarfuglar. Snart hadde gutungen laga seg spennbrett og gått til innkjøp av hov, og var overlukkeleg over at det nettopp sommaren 1966 vart ein invasjon av tistelsommarfuglar. Han ante ikkje då, at han med åra skulle bli den einaste entomologen (insektforskaren) i landet som fekk jobbe med sommarfuglar på fulltid.
Sommarfuglar var hobby då han i gymnastida kom i kontakt med ein vaksen samlar som opna døra til eit internasjonalt kontaktnett. Frå då av vart kartlegginga av artane minst like viktig som å fylle samlinga med flest og sjeldne eksemplar. Aarvik var blitt lærar og brukte framleis kveldane på hobbyen då Norsk institutt for skogforsking gav han i oppdrag å artsbestemme sommarfuglar som var fanga i limfeller.
Fordi materialet ofte var opprive og øydelagt, var det sjeldan nok å sjå på vengjemønster, fargar, storleik og sjølve kroppen. Som regel var det først etter å ha studert kjønnsorgana under mikroskopet at det var mogleg å avgjere arten. Mykje av fritida til Aarvik gjekk dessutan med kvar gong danskane trengde hjelp til å lage nye sommarfuglbøker for Norden.
Ikkje skilnad på jobb og fritid
I 1981 tok lærarjobben Leif Aarvik og kona til Ås. Det var på denne tida Aarvik byrja å møte andre samlarar meir regelmessig. Ettersom det enno ikkje fanst nokon oversikt over norske sommarfuglar, tok dei like godt til å systematisere data. Først frå eigne samlingar, deretter frå dei naturhistoriske musea i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. I 2000, etter rundt 15 års gratisarbeid, gav gjengen ut ein stor utbreiingskatalog over Noregs sommarfuglar. Fram til då hadde norske entusiastar berre hatt ein katalog frå 1933 å hjelpe seg med. Den var ikkje berre utdatert, men også full av feil.
Truleg var det gjetorda om den pågåande datainnsamlinga som gjorde at Aarvik vart tilbydd stillinga som fagentomolog på Norsk institutt for skogforsking i 1996.
Og så, i 2000, kom telefonen han aldri hadde tort å drøyme om – frå sjølvaste Naturhistorisk museum: Om Aarvik ville jobbe på fulltid med sommarfuglsamlinga der?
Det er 24 år sidan no. I mars gjekk han av med pensjon, utan at han trur det kjem til å påverke kvardagen nemneverdig.
– For meg har det aldri vore noko skilje mellom jobb og fritid. Eg har framleis kontoret på museet, og kjem til å vera der ein til to dagar i veka. Det er slik eg alltid har gjort det. Eg har lab her heime, og det er her eg alltid har forska og skrive. På museet har eg stort sett jobba med samlinga. Det kjem eg sjølvsagt til å halde fram med.
Namn på vengjer
Sommarfuglsamlinga ved Naturhistorisk museum er donert av privatpersonar og tel mange hundre tusen individ. Leif Aarvik har vore gjennom alle og bestemt dei fleste ned til arts- eller slektsnivå. Slik har han også påvist feilregistreringar, og med det, mange nye sommarfuglartar i Noreg.
Kor mange innsamla individ frå Noreg Aarvik sjølv har bidrege med til samlinga, anar han ikkje.
– Det er mange ti tusen. Kanskje hundre tusen. Eg har aldri talt.
Over 100 av sommarfuglane som i dag er dokumenterte for vitskapen i verda, er det Aarvik som har beskrive. Mange av dei er viklarar han samla inn då han og kona budde i Tanzania på 90-talet. I tillegg har han beskrive ei rekkje sommarfuglar frå andre familiar og donert sitt eige innsamla materiale til andre forskarar.
Arbeidet har ikkje berre gjort han til eit kjent namn blant verdas sommarfuglekspertar. Over tjue sommarfuglartar er også kalla opp etter Leif Aarvik. Om du skulle kome til å sjå ein Nola aarviki Hacker eller ein Phyllonorycter aarviki De Prins blafre forbi, veit du kven som først fann dei.
Etikk og effekt
Visst er det eit sjeldan vakkert syn, når ei sky av sommarfuglar stig opp frå staudebed og grøftekantar. Men den som dristar seg til å spørje den elles svært så nøkterne Aarvik om kva for nytte sommarfuglane har, får raskt ei til dels kjensleladd innføring i materialisme og etikk – og ein repetisjon av korleis alle artane har sin plass i økosystemet.
– Sommarfuglane har ei avgjerande rolle som pollinatorar – men også som fuglemat – spesielt i dei nordlege skogane våre. Vi har fleire målarar som lever på blåbær, bjørk og selje, og dei produserer enorme mengder larver. Larvene er ei av dei viktigaste proteinkjeldene for fuglane, som kjem heilt frå Afrika for å forsyne seg. Utan det enorme tilfanget av larver, hadde dei ikkje gidda å flyge den lange vegen hit, seier Aarvik, som i same veiven rettar ein finger mot politikarane:
– Rikspolitikarane seier dei vil verne natur, men i realiteten gir dei medvite makta til lokalpolitikarar som ikkje vil verne. Vi har til dømes ei strandlov som seier at strandsona i prinsippet er verna, men samtidig har kommunepolitikarane høve til å gi så mykje dispensasjon at lova i praksis ikkje gjeld lenger. No har vi den same diskusjonen om myrene.
– Naturen har vorte ei kulisse
Også talet menneske på kloden bekymrar forskaren, som meiner vi er for mange i forhold til korleis vi forvaltar det som er gitt oss. I tillegg er me altfor mange med for lite kunnskap, hevdar han:
– Nordmenn seier at dei er opptekne av natur og friluftsliv, men i realiteten har naturen berre vorte ei kulisse for joggeturar der folk hastar i veg med musikk på øyra. Vi lever ikkje i naturen lenger og skjønar ikkje kva som skjer rundt oss.