nyhende
Sommar for dei minste: Leik og lær!
På utkikk etter aktivitetar for dei minste i ferien? På dei regionale vitensentera kan både små og store boltre seg med spennande eksperiment og aktivitetar – og få vekt den viktige nysgjerrigheita for realfag.
– Me vil spreie realfagsglede og gjere ungane nysgjerrige ved å vise dei ei praktisk tilnærming til matte, naturvitskap og teknologi. Her på senteret kan dei lære alt frå å lage framtidsmat av insekt, til dataprogrammering med Python, fortel Sandra Dybos, medan ho plasserer ganske vanlege kjøkeningrediensar utover eit stort stålbord i laboratoriet.
Framom seg har Dybos alt frå eddik og maisennamjøl til natron og bakepulver, men det står korkje surkål eller kaker på menyen. Dybos er utdanna bioingeniør og har ein master i cellebiologi. I dag skal ho eksperimentere fram både monsterbrus og ein boblande vulkan, i tillegg til å demonstrere korleis du kan blåse opp ein ballong utan å bruke pusten. Ja, og så skal ho lage ei merkeleg suppe som heiter ikkje-newtonsk-væske, som er både rennande og knallhard på ei og same tid.
Show og leikeplass
For Sandra Dybos er det ein heilt vanleg dag på jobben som formidlar ved vitensenteret ViteMeir i Kaupanger. Eit vitensenter er rett og slett ei blanding av teknisk museum, show, laboratorium og leikeplass. På landsbasis finst det 13 slike regionale senter. Alle er statsstøtta og samarbeider både med kvarandre og lokalt næringsliv for å gjere realfag og teknologi meir forståeleg og tilgjengeleg for alle.
Gjennom eitt år er rundt 240.000 elevar innom dei ulike regionale sentera i skuletida, og rundt 3.700 lærarar deltek i tillegg på opplæring i korleis dei kan utvikle og utvide klasseromsundervisninga si. Ved sida av kjem rundt 930.000 små og store på besøk i fritida.
3D-printing og brøktrapp
På Kaupanger har dei tre moderne etasjar fylt med interaktive utstillingar og installasjonar som viser korleis ulike fenomen knytt til natur, miljø, helse og teknologi verkar i praksis. I tillegg finst det hyllemeter på hyllemeter med dingsar og leiketøy og utstyr som besøkjande kan bruke til å løyse oppgåver eller lage ting.
Her kan du ta ein virtuell tur ut i verdsrommet eller ned i Sognefjorden, klatre opp brøktrappa, finne ut kor mykje straum du brukar i huset ditt og prøve ut reaksjonstesten frå Mesternes Mester. Eller kanskje du heller vil utforske dei store installasjonane om høgspentmaster og vasskraftverk, eller prøve deg på 3D-printing? Ja, eller skape kunst av lego eller byggje din eigen rutsjebane?
Kunnskap = demokrati
I tillegg til alle dei faste aktivitetane og installasjonane, arrangerer sentera rundt om i landet ulike kurs, læringsopplegg og aktivitetar gjennom sesongane. I år tilbyr til dømes ViteMeir eigne sommarskular både i Kaupanger, Sogndal, Balestrand, Leikanger, Hafslo og Gaupne. På senteret i Kaupanger blir det vitenshow i auditoriet kvar dag heile ferien og høve til å prøve seg på ulike eksperiment og aktivitetar kvar dag gjennom sommaren.
Men uansett kor uskuldig den oppfinnsame moroa ser ut, ligg det altså ein viktig bodskap bak, seier Sandra Dybos:
– Vitskap er viktig for alle, og samfunnet har eit aukande behov for folk med realfagskompetanse. Samstundes veit me jo at ungar elskar å eksperimentere. Det er utruleg givande å få gjere dei nysgjerrige på realfag gjennom ei slik kreativ og praktisk tilnærming til faga.
Utover sommaren kjem det fire saker med konkrete eksperiment ungane kan gjere heime på kjøkkenet.