nyhende

Sølvi ønskjer velkomen til nyoppussa lokale

Haugli Bakeri avdeling Sveio har blitt ein meir innbydande spiseplass.

Publisert Sist oppdatert

– Det har blitt kjempeflott! Men eg høyrer til «gardingenerasjonen», så eg kunne tenkt meg eit par gardinar. Men me er lova grøne planter som vil gjera det enda meir heimekoseleg. Dessutan har me fått mykje skryt frå kundane våre, og dét er det viktigaste at dei trivst, seier avdelingsleiar i Sveio, Sølvi Vesterheim.

Lun atmosfære

Lokalet har blitt opnare, alt som før hindra utsikt, som gardinar og frosta glas, er nå fjerna frå vindusflatene.

Den gamle disken er kledd inn med brunbeisa trepanel, og har fått eit rustikt utsjåande. Veggane i lokalet er måla beige med innslag av svart, Haugli-logoen har fått koparfarge. Ny sofa er plassert inst i lokalet.

Her er også kome opp ein moderne «spilevegg», og det er montert lydabsorberande plater i taket, – begge delar har som formål å redusera lydstøy.

Arbeidet er utført av karmøyverksemda Kalkulatøren AS, som er totalleverandør for ombygging og innreiing av butikk, kontor og næringsbygg.

Håpar å auka omsetnaden

Av Haugli sine noverande åtte bakeriutsal, har fem blitt pussa opp, deriblant avdelinga i Sveio senter.

Då pandemien starta hadde Haugli Bakeri AS 11 utsal, i dag er tre av desse, to i Haugesund og eitt på Stord, lagt ned grunna driftsunderskot.

Dei resterande åtte bakeriutsala skal alle pussast opp.

– Me håpar at sveibuen synes det er litt stas med ein «ny» og flott kafé. Sveio er det minste av utsala våre og står seg bra, og me håpar sjølvsagt å løfta omsetnaden enda litt til med å ta dette grepet, opplyser Jostein Danielsen, dagleg leiar i Haugli Bakeri AS. Nå står dei tre siste utsal for tur til å bli pussa opp.

Brit Tove Våge (driftsjef) og Jostein Danielsen (dagleg leiar) i Haugli Bakeri AS.
Powered by Labrador CMS