nyhende

Frå Bremnes Seashore på Loddetå nord i Sveio. ARKIVFOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK

Solid laksepott til Sveio kommune

Sveio kommune er blant kommunane på Haugalandet som får mest midlar frå Havbruksfondet i 2022.

Publisert Sist oppdatert

Gjennom Havbruksfondet får kommunar- og fylkeskommunar med oppdrettsverksemd ein del av inntektene frå lakseauksjonar, som blir heldt anna kvart år. Meir enn 3 milliardar kroner blir snart betalt ut.

— Kystkommunane speler ei viktig rolle i å legge til rette for oppdrettsnæringa, og summen dei får no er større enn ved førige tildeling. Det betyr at desse kommunane får meir pengar til skule, barnehage, eldreomsorg og utvikling i sine lokalsamfunn, seier fiskeri- og havminister Bjøran Skjæran i ei pressemelding.

Varierande inntekt

Sveio får ein solid sum i år, heile 13,9 millionar kroner. I fjor fekk Sveio 3,4 millionar kroner. Året før fekk Sveio 10,6 millionar.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum seier at regjeringa har sagt at lokalsamfunna og fellesskapet skal sitte igjen med meir av inntektene som skapast i oppdrettsnæringa langs kysten.

— Nå får kommunen langs kysten og lokalbefolkninga sjå det konkrete resultatet, seier han.

Fordelinga på Haugalandet og i Sunnhordland er slik:

Sveio: 13,9 millionar

Haugesund: 7,1 millionar

Karmøy: 6,4 millionar

Tysvær: 17,1 millionar

Bokn: 9,5 millionar

Utsira: 4,0 millionar

Vindafjord: 11,3 millionar

Etne: 7,2 millionar

Bømlo: 34,5 millionar

Stord: 3,5 millionar

Kvinnherad: 43,2 millionar

Tysnes: 24,8 millionar

Fitjar: 12,7 millionar

Powered by Labrador CMS