nyhende

Frp-leiar Sylvi Listhaug og Høgreleiar Erna Solberg kan begge smile etter junimålinga til Opinion. FOTO: OLE BERG-RUSTEN / NTB / NPK
Frp-leiar Sylvi Listhaug og Høgreleiar Erna Solberg kan begge smile etter junimålinga til Opinion.

Solid borgarleg fleirtal på ny måling

Alle dei fire borgarlege partia styrkjer seg på Opinions junimåling. Høgre og Frp har ei samla oppslutning på 46 prosent. Samtidig fall både Ap, Sp og Raudt.

Publisert Sist oppdatert

Borgarleg side med Høgre, Frp, KrF og Venstre er fullstendig overlegne på målinga som Opinion har utført for FriFagbevegelse , Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) og Dagsavisen i juni.

Ap blir målt til berre 17,6 prosent heile 8,7 prosentpoeng lågare enn valresultatet i 2021. Sp får 5,7 prosent. Ved valet for to år sidan fekk partiet 14,5 prosent.

Raudt fell frå 7 til 5 prosent, MDG er framleis under sperregrensa og både Venstre og Kristeleg Folkeparti blir målt til 4,5 prosent.

Ein test for Ap

— Trenden går i feil retning for dei raudgrøne. Samtidig er det tradisjon for at Ap gjer gode valkampar og klarer å mobilisere veljarane. Det blir ein test for partiet om dei klarer det også i år, seier Johannes Bergh, valforskar ved Institutt for samfunnsforskning, til FriFagbevegelse.

Men han er ikkje optimist på vegner av venstresida:

— Det ligg ikkje an til nokon klare endringar i dynamikken i næraste framtid, konkluderer han.

Differansen mellom dei borgarlege og dei raudgrøne har auka med heile 5,6 prosentpoeng — frå 9,5 prosentpoeng i mai til 15,1 prosentpoeng i juni.

Frp og Høgre manglar eitt mandat

Høgre og Frp får åleine 84 mandat, eitt mandat unna fleirtal saman. Dagens to regjeringsparti mistar 31 og endar på 45.

Heile målinga (endring frå førre månad i parentes):

  • Ap 17,6 (-0,4)
  • SV 8,2 (+0,2)
  • Raudt 5 (-2,0)
  • Sp 5,7 (-0,8)
  • KrF 4,5 (+0,3)
  • Venstre 4,5 (+0,3)
  • MDG 3,8 (+0,1)
  • Høgre 31,8 (+1,5)
  • Frp 14,1 (+0,7)
  • Andre parti 4,9 (+0,2)

Målinga er basert på 1.000 telefonintervju og er gjennomført frå 30. mai til 5. juni. Resultata må tolkast innanfor feilmarginar som varierer mellom 1 og 3 prosentpoeng.

Powered by Labrador CMS