nyhende
Soldatar har dårlegare tannhygiene i felt
Ei undersøking viser at tannhelsa og vanane til vernepliktige blir forverra i felt. Konklusjonen er at troppsbefalet i Forsvaret bør ta meir ansvar.
Forsvaret har set inn i munnen til soldatane i den siste utgåva av rapporten «Helse for stridsevne». Hovudfunna dei har trekt ut, er at tannhelsa til soldatane forverrar seg i felt, skriv Forsvarets forum.
Sjølv om over halvparten av soldatane svarte at dei pussar tennene heime og i leir, viser statistikken at soldatane sluntrar unna tannpussen når dei kjem i felt.
– Dersom funna blir stadfesta i eit meir representativt utval, kan det tyde på at det er eit stort forbetringspotensial når det gjeld tannhelsevanar og kosthald blant soldatane våre, konkluderer rapporten med.
Når det gjeld å unngå skade og sjukdom i munn og tenner, og usunne vanar knytt til munn og tannhelse i Forsvaret, er det hòl, ifølgje rapporten, som konkluderer med dette:
– Det burde vere ein jobb for troppsbefalet.