nyhende

Erna SolbergHøyreHøgreAndre Mundal HaukåsVal 2023Hiernagla
Høyre-leder Erna Solberg besøkte Sveio under kommunevalgkampen i fjor, her sammen med daværende ordførerkandidat André Mundal Haukås. Solberg bløffet under besøket, hevder forfatteren av dette innlegget.

Solberg-saka: Vil sjå kva som kjem fram

Ordførar André Mundal Haukås (H) har framleis tillit til partileiar Erna Solberg slik det er no. Han vil ikkje ha leiarbyte enno, og vil sjå kva sentralstyret i Høgre og kontrollkomiteen på Stortinget kjem fram til.

Publisert Sist oppdatert

Årets lokalval var for mange kommunar ein blå bølge. Sveio var ein av dei kommunane, og ordførarsete gjekk frå Arbeidarpartiet til Høgre, med André Mundal Haukås (H) i førarsete.

Etter avsløringane om aksjehandlinga til Sindre Finnes, ektemannen til partileiar Erna Solberg, har fleire teke til orde for ny partileiar.

Har tillit til Erna

– Ynskjer du Erna Solberg skal halda fram som leiar for Høgre?

– Eg tenkjer eigentleg at me har eit sentralstyre som handsamar den saka, og så er min tillit at dei handsamar det på ein god måte. Dei sit nok tettare på dei prosessane enn det me gjer lokalt, svarar Haukås.

– Men kva med din personlege meining, ynskjer du leiarbyte?

– Nei, eg har tillit til Erna Solberg slik det er no, men det er ein prosess som pågår og me må sjå kva som kjem fram i den, seier han.

Har tillit til sentralstyret

Haukås meiner saka må få verta handsama før ein kan ta ei god avgjersle.

– Har du ei grense for når du ynskjer leiarbyte?

– No sit kontroll-og konstitusjonskomiteen og skal handsama saka på Stortinget, og Økokrim som gjer ei vurdering, svarar ordføraren og legg til:

– Og igjen, me har eit sentralstyre som må ta stilling til slike saker i Høgre, og eg har tillit til at dei handsamar dette på ein god måte, avsluttar Haukås.

Powered by Labrador CMS