nyhende
Søkjer område der hundar kan springa fritt
Unghundane Høst og Timon vil gjerne ha ein plass dei kan springa fritt i Sveio sentrum. Det kan gå an i ein hundepark, seier eigarane Martha Hovda og Cecilie Vik. Dei lurer på om det finst eit område nokon kan avsjå til eit slikt føremål.
Den nasjonale bandtvangperioden er frå 1. april til og med 20. august, for å beskytta bufe og vilt ii periodar dei er ekstra sårbare. I tillegg er det mange kommunar som har utvida bandtvang, mellom anna Sveio. Den lokale forskrifta seier at bandtvangperioden varer heilt til 15. oktober.
Sosialt
Det synest hundeeigarane Cecilie Vik og Martha Hovda er lenge. Begge bur i Sveio sentrum, og har dagleg kvar sin unge firbeinte med på tur i band.
Å vera matmor for ein hund er sosialt, det er via hundane dei to har funne tonen. Begge saknar eit friområde i nærleiken, der hundar kan bevega seg fritt, og vera med andre hundar.
– Ein hundepark er eit område der ein kan sleppa hundar fritt, avgrensa med eit gjerde, til dømes, forklarar Hovda.
Velferd for hunden
Uavhengig av kva bandtvangreglar som er i kommunen, vil det vera mogleg for hunden å bevega seg utan band i ein hundepark, i følgje hundeeigarorganisasjonenen NKK, som fremhevar at slike friområde er eit viktig innslag i hundevelferda, for å sikra at hundane har det best mogleg.
Dei har vore i kontakt med kommunen, som er positive til eit slikt område, men dei har ikkje eigna plass til dette føremålet. Oppmodinga til hundeeigarane er derfor å koma i kontakt med ein velvillig grunneigar.
– Me ønskjer å koma i kontakt med nokon som har ei mark eller anna område som me kan bruka, seier Vik. Neste steg vil eventuelt vera å få tak i sponsorar til gjerde, og frivillige til å setja det opp.
Ellers vil damene påpeika at folk har blitt flinkare til å vera ute det siste året, og ein hundepark vil bidra til at også dei tobeinte har ein arena å vera sosiale på – og på same tid følgja smittevernreglane.
Behov for park
Dei to er sikre på at eit slikt tiltak vil bli mykje brukt, då det er mange firbeinte innbyggjarar i området. Samfunnsplanleggjar i Sveio kommune, Åse Aleheim, har også trua på det.
– Det er heilt klart eit behov for hundepark, særskilt i tidene det er bandtvang. I samanheng med kommunedelplanen for Sveio sentrum (sentrumsplanen) har me sett på løysingar for ein hundepark, men me har enda ikkje funne eit godt eigna område for dette, seier Aleheim. Ho har sjølv hund, og synest initiativet frå Cecilie Vik og Martha Hovda er bra.
Gjerde og lys
Kommunen har ikkje eigna areale, derfor gjeld det å undersøka om det finst ein grunneigar som kan avsjå eit område utan framtidige planar, som kan gjerdast inn, og helst lyssetjast.
Kommunen kan hjelpa til med å få lagt inn eit aktuelt område for hundepark i kommuneplanen, eller i kommunedelplanen for Sveio sentrum. På den måten vil det vera grunnlag for å etablera park, utan å trenga dispensasjon.
Hastar
– Det viktigaste er å finna eit område som eignar seg til hundepark. Ein må mellom anna tenka avstand til busetnad grunna lyd, lett adkomst, gjerne med køyretilkomst og parkeringsmoglegheiter for universell utforming. Området bør vera tilgjengeleg for alle, og ikkje berre medlemmer i ein klubb, fortel Aleheim.
Ho kan opplysa om at sentrumsplankartet er under utarbeiding no, og at det derfor hastar dersom det finst eit område som skal leggjast inn.