nyhende
Søkjer om pengar til kyrkjetak
Kyrkjebavaringsfondet har fått inn 164 søknader om støtte til restaureringsarbeid i den andresøknadsrunden i år. Ein av søknadene gjeld Sveio kyrkje.
Kyrkjeverje Rita Holmedal fortel at søknaden gjeld reparasjon av taket på Sveio kyrkje. Det har i mange år vore problem med lekkasjar frå dette taket. Sveio kyrkje blei bygd i 1858 og er på grunn av alderen kvalifisert til støtte frå kyrkjebevaringsfondet, fortel Holmedal.
Tre millionar
– Me har sett opp eit budsjett for arbeidet som må gjerast. Det viser kostnader på rundt tre millioner. Me kan få inntil 50 prosent av denne summen frå kyrkjebevaringsfondet. Det er søkt om midlar for utbetaling i 2026, fortel prosjekt- og byggeleiar Andreas Ekrheim i Sveio kommune.
Frå tildeling vil kommunen ha tre år på seg til å utføra arbeidet. I rådmannen sitt budsjettforslag for 2025 og økonomiplan for dei komande tre åra er kyrkjetaket ført opp med tre millionar kroner i 2028. Måndag startar diskusjonen om budsjett- og økonomiplanforslaget i formannskapet.
Ekrheim forklarar at det er skifertaket på den sentrale kyrkjeskipet som no står for tur, etter at sideskipa alt er reparerte.
Under føresetnad av at Stortinget godkjenner statsbudsjettet for neste år, blir søkjarane til kyrkjebevarignsfondet lova svar i løpet av vinteren 2025. Det er sett av 300 millionar kroner til fondet i regjeringa sitt budsjettforslg. Av dette er 100 millionar alt bundne til tilsagn som blei gitt til 44 prosjekt etter første søknadsrunde, som hadde frist i sommar. Den gongen kom det inn 103 søknader.
– Glad for mange søknader
– Auken i talet på søknader er gledeleg. Det viser at behovet er stort der ute. Me merkar også at dette er noko som engasjerer folk rundt om i kyrkje-Noreg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) i følge ei pressemelding som Riksantikvaren har sendt ut.
Det er Barne- og familiedepartementet som eig kyrkjebevaringsfondet. Riksantikvaren er representert i styret saman med Den norske kyrkja og Hovedorganisasjonen KA. Fondet starta opp i 2024. Det er venta at talet på søknader vil halda fram med å stiga. Regjeringa har som intensjon å auka dei årlege tildelingane til fondet gradvis til 500 millionar kroner.