nyhende
Søkjer om nytt tiltak på Flokehyttene
Haugesund Turistforening har nett fått godkjent større vedbu for dei populære Flokehyttene. No søkjer dei om enda eit tiltak, denne gong til den største hytta.
I fjor søkte Haugesund Turistforeining om større vedbu ute ved deira svært populære hytter hjå Ryvarden i Sveio. Årsaka var at veden gjekk for fort og dei hadde for lite plass til å lagra ved.
Roald Bø i arkitektfirmaet Holon er den som har jobba opp mot Sveio kommune for turistforeininga. I byrjinga av september fekk han eit godt svar frå dei.
Må skjerma betre
– Kommunen var ganske kjappe til å gje oss ferdigattest på vedbua, så det skal me ikkje klaga over, seier han muntert.
Seinare i den første haustmånaden søkte han på nytt, og denne gongen for eit nytt tiltak.
– Me ynskjer å laga vern mot vind og vatn ved inngangspartiet til Horda-Kåre, seier Bø.
Det er den største av Flokehyttene, og arkitekten forklarar at det er naudsynt med utbetring.
– Kort sagt har me dører som går innover, og sjølv om dei er tilpassa, så ser me at det kjem litt vatn inn nokre gonger. Og den hytta er litt meir utsett, seier han.
1:1 skala
Både administrasjonen i turistforeininga og hyttekomiteen deira har gått inn for forslaget. Bø fortel vêrforholda der ute er skiftande, så sjølv om hyttene var tilpassa naturen, har den likevel klart å trenga seg inn døra nokre gonger.
– Når ein skal ta sånne vind- og vatnomsyn, er einaste måten å vera sikker på å byggja det i 1:1 skala, seier han.
– Altså i storleiken den skal vera som ferdig hytte?
– Yes, humrar han.
Det er ikkje sikkert at tiltaket treng å søkast om, men dei sjekkar med Sveio kommune for å vera sikker.
– Om det vert positivt svar, kor raskt kan det utbetrast?
– Litt seinare på hausten eller tidleg vinter. Det er opp til turistforeininga å bestemma, avsluttar Bø.