nyhende
Søkarar til legestilling
Kommunalsjef for helse og omsorg Ingunn Toft har førebels gode nyheiter om legestillinga som lysast ut i Sveio.
Frå nyttår av vert det ein ledig stilling som kommunal lege i Sveio. Det skuldast at ein noverande lege skal byta jobb. Kommunalsjef for helse og omsorg Ingunn Toft fortalde i byrjinga av oktober at det ikkje var komen søknadar enno, men at ho hadde trua.
No kjem Toft med den førebels gladmeldinga at nokon har søkt, faktisk fleire personar.
– Fem søkarar, skriv kommunalsjefen i ein sms.
Vidare fortel ho at det vert heldt intervju denne veka. Om det går rette vegen kan Sveio ha sikra seg ny kommunal lege allereie før noverande sluttar. Då unngår kommunen den dyre utgifta det er å leiga inn lege, noko Toft tidlegare har sagt kan kosta opp mot 100 000 kroner vekentleg.