nyhende

1. november byrjar den nye kommunalsjefen jobben i Sveio kommune.
(arkivfoto)

Søkarar på kommunal stilling

Frå nyåret av vert ei sentral stilling hjå kommunen ledig. Så langt har det kome eit par søknadar.

Publisert Sist oppdatert

Noverande personalrådgjevar for Sveio kommune skal gje seg, og den ledige stillinga vart lyst ut for to veker sidan den 16. oktober.

– Me har fått to søkarar så langt, seier konstituert personalleiar i Sveio kommune Kjartan Eidsvåg.

Han stadfestar at det har vorte respons for stillinga, og seier dei ikkje kjem til å gjennomføra nokre intervju inntil søknadsfristen har gått ut 5. november. Det vil truleg ikkje vera noko vakanse i stillinga fortel Eidsvåg.

– Rådgjevaren sluttar først etter nyttår, seier han.

Ei artig side at tilsetjinga er at det vanlegvis er personalrådgjevaren som har ei sentral rolle i å tilsetja nye personar.

– Det er ei stilling som er med på mykje forskjellig, og hjelper til på mange område i kommunen, seier Eidsvåg.

Powered by Labrador CMS