nyhende
Søk tilskot til friluftsliv
Støtteordninga «Statskogmillionen» er særskild retta mot bidrag til frivillige lag og foreiningar. Alle organisasjonar kan søka stønad to gonger årleg – i april og august, på eitt år får om lag 150 aktivitetar litt ekstra medvind.
– Ein fyller ut eit enkelt søknadsskjema på nettsidene våre no i løpet av august. Deretter plukkar me raskt ut gode forslag i heile landet som vil løfta friluftslivet saman med oss, seier kommunikasjonssjef i Statskog, Trond Gunnar Skillingstad.
Statskogmillionen går til tiltak og aktivitetar som fremmar friluftsliv, folkehelse og bruk av norsk natur. Mange av søknadane handlar om pengar til turutstyr, tilrettelegging eller støtte til ein aktivitet i by eller bygd.
Ordninga har to støttebeløp; 5 000,- eller 10 000,-.
Mange føremål
Ordninga er spesielt aktuell for mange av dei små prosjekta som frivilligheita jobbar med. Dette kan vera innkjøp av kanoar, aktivitetsdagar, bålplassar, rasteplassar, stirydding og ei lang rekke andre føremål.
Meir informasjon og søknadsskjema finn du på Statskog sin nettstad.
I følgje kartet over tildelingar, fekk Sveio O-lag 5000 kroner til å utvida lågterskel turorientering med stolpejakt med støtte frå Statskog i 2018.