nyhende

Omikronvarianten av koronaviruset gjer at Helsedirektoratet og Folkehelseinstitutter er usamde om nytten av koronapass innanlands. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Omikronvarianten av koronaviruset gjer at Helsedirektoratet og Folkehelseinstitutter er usamde om nytten av koronapass innanlands.

Snur om koronapass

Omikronvarianten smittar både vaksinerte og tidlegare smitta. Helsedirektoratet meiner det gjer koronapass unødvendig, men FHI er ikkje samd.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: På to veker har Helsedirektoratet forandra meining om bruk av koronapass innanlands, skriv Aftenposten.

27. november var direktoratet positivt, men 7. desember meiner direktoratet at slikt pass ikkje har noka hensikt.

Det er utbreiinga av omikronvarianten som har fått direktoratet på andre tankar.

Det er lite lurt å la folk vere saman utan avgrensingar, sjølv om dei er vaksinerte eller tidlegare smitta, meiner direktoratet, som leverte tilrådingane sine til regjeringa tysdag.

Folkehelseinstituttet har på si side tilrådd bruk av koronapass som kontaktreduserande tiltak. Men det bør reserverast nettopp for dei som har to dosar eller er tidlegare smitta.

FHI meiner at om omikron omgår immunitet, bør det vurderast å krevje at koronapass blir supplert med ein negativ test.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS