nyhende
Snorklipp i solskinnet
Skuleborna på Vikse har fått tryggare skuleveg. Ein av dei mange som brukar sykkel- og gangvegen kvar dag, førsteklassingen Gabriel Krokedal Lie, fekk æra av å klippa snora.
Vegen har blitt svært flott, difor var det også god grunn til å ta fram både smil og flag. Etter snorklippen høyrdes eit massivt rungande «jaaaa» og deretter kraftfulle klappsalvar frå Vikse-elevane som nå er klar for ein velfortent ferie. Deretter var det ordføraren sin tur til å seia nokre velvalde ord.
Planlagd i mange år
– Sveio kommune har stort fokus på trygge skulevegar, difor synes eg det er flott at me i dag kan markera at me nå har fått denne sykkel- og gangvegen me har jobba for i mange år. Me er også glade og takksame for at fylkeskommunen er med på spleiselaget saman med oss, uttalte Linn Therese Erve.
Heilt på tampen la ho inn eit løfte om at fokuset på trygge sykkel- og gangvegar langt frå var avslutta med dette.
– Nå håpar me å få til sykkel- og gangveg på det vidare strekket også, det skal planleggjast framover.
Mange å takka
Jannicke Clarke, utvalsleiar Samferdsel og mobilitet Vestland fylkeskommune, hadde mange å takka.
– Eg tykkjer det er flott at Sveio er oppteken av både trafikktryggleik og trygge skulevegar. Me er svært glade for at Sveio og fylkeskommunen har kunna gjort dette spleiselaget saman. I dag er det mange som må takkast, både i fylkeskommunen og i Sveio kommune, og ikkje minst entreprenøren, Vats Anlegg, som har gjort ein veldig flott jobb.