nyhende
Snøen laver ned – og det skal blåse opp
Måndag formiddag laver snøen ned i delar av Sveio. Vindkasta kan komme opp i stiv kuling på kysten mot kvelden, melder Meteorologisk institutt.
Etter ei tøff helg vêrmessig, med mykje regn og vind, ligg det måndag an til nokre kvite timar i Sveio. Stormen har passert, men det ligg an til ein del vind også måndag.
Dette er det lokale tekstvarselet frå Meteorologisk institutt som gjeld måndag:
Hordaland
Søraust bris. Skya. Frå i formiddag sørleg frisk bris på kysten. Snø, først i ytre strøk. Frå i ettermiddag nordvest liten og periodevis stiv kuling på lysten, i kveld minkande. Snøbyer, til dels sluddbyer på kysten.
Rogaland
Aust og søraust bris, frisk bris utsette stader. Skya, periodar med litt snø. I ettermiddag auke til nordvest stiv kuling på kysten, kan hende periodevis sterk kuling, senit i kveld minkande. Snøbyer, til dels sluddbyer på kysten.
Temperaturen skal ifølgje ligge på mellom 0 og 2 grader måndag.
Våt veke
Utover i veka blir det litt mildare, men også våtere. Ein må rekne med nedbør i form av regn kvar dag resten av veka, inkludert helga, ifølgje yr.no.