nyhende
Snø kan blokkera rømmingsvegar
Haugaland brann og redning minner om kor viktig det er med frie rømmingsvegar. Snø i kombinasjon med brøyting eller vindfokk kan fort skapa hindringar, og tenk på at brannvesenet må koma fram.
At det kjem snø om vinteren er ikkje overraskande, men det snøvêret me har hatt dei siste dagen er meir enn det me er vane til på desse kantar av landet.
– For andre delar av landet er det ei rutine å halde rømmingsvegane fri for snø i vinterhalvåret, men her på Haugalandet kan det vera på sin plass å minna om dette i desse dagar, seier branningeniør Audun Matre i ei pressemelding frå Haugaland brann og redning.
Ditt ansvar
Det er kvar einskild sitt ansvar å sørga for at rømmingsvegane er frie for hindringar som snø, og det er eit fint høve til litt trim i heimen eller på arbeidsplassen.
For bustadar er som regel hovuddøra noko me har kontroll over, men det skal også vera ein alternativ veg ut av huset. Dette kan vera ei dør nummer 2, eit vindauge, ein veranda, eit kjellarvindauge nært bakkeplan med meir. Det er gjerne her me finn utfordringane.
Brannvesenet må koma fram
Det vil vera klokt å fjerna snøen i dag då det er venta nedbør om nokre dagar, og då vil snøen vera vesentleg tyngre. Å venta til snøen er borte av naturlege årsaker kan vera ein plan, men hugs då at ein brann ikkje tenker og kan oppstå når som helst.
– Til sist, tenk på at brannvesenet må koma fram. Sørg for ei brøyting som ikkje skaper for smal passasje mellom bilar i ei allereie smal gate, seier Matre.