nyhende
Snittkostnad på 17.000 kroner
NAF tek hol i vegen på alvor, og har drive storstilt kartlegging av skadane både hol og dårleg vegdekke gjer på norske bilistar.
Vestavind har teke bilete og målt fleire hol i vegane i Sveio. Kvar veke presenterer me eit nytt.
Fokuset vert på hol, og ikkje dårleg vegdekke. For å visa storleik og djupna i holet nyttar me to kvardagslege ting, ein penn og ei drikkeflaske.
Klarar du å gjetta kvar holet er? Har du ein favoritt og/eller ein versting? Send oss bilete av holet til tips@vestavind-sveio.no og skriv kvar det er!
Vanskelege erstatningskrav
Noregs Automobil-Forbund er betre kjend som NAF. Dei representerer svært mange norske bilistar, og jobbar mellom anna med å setja fokus på utfordringar til vegs.
Ei av deira undersøkingar hevdar at 40 prosent av norske bilistar har opplevd å få skade på bilen som følge av dårlege vegar. Det er ikkje definert kva som reknast som ein skade, men Ingunn Handagard i NAF seier det er eit stort problem.
– I desse sakene er det ofte svært vanskeleg å vinna fram med eit erstatningskrav ovanfor vegeigar. Det kan både vera vanskeleg å finna fram til kven som er ansvarleg for vegen, om det er kommune eller fylkeskommune, og mange opplever å verta ein kasteball mellom vegeigar og entreprenør, seier Handagard.
Hol vert pengesluk
NAF meiner det bør verta enklare å få erstatning i slike type saker.
– Me skriv om hol i vegane våre. Kva er dei vanlegaste skadane hol gjer på bilar?
– Kartlegginga vår viser at skadar på dekk, felg og forstilling er gjengangarar. Snittkostnaden for å utbetra desse er 17.000 kroner, svarar Handagard.
NAF peiker på dårleg vedlikehald som eit faremoment for alle trafikantar, særleg dei mjuke.
– Auka vedlikehald er eit viktig grep for å betra sikkerheita på vegane, seier Handagard.
Ho understrekar at hol, særleg store, utgjer ein risiko i vegbanen. Sjølv om det for bilistar oftast leiar til «berre» materielle skadar, så vert det skadar som kunne ha vore unngått.
Forrige veke
Holet var ved Banddalstjørna i Førde, på fylkesveg 4944.
Følg med neste veke, då kjem det siste holet i serien «Kvar er holet?»