nyhende
Snart tilbake til normalen – 190 av 210 prøvar negative
Mykje tyder på at personen som jobbar på Sveio skule ikkje har vidareført smitte. Smittesituasjonen kan endra seg raskt, derfor blir alle påminna å halda dei grunnleggjande smittevernreglane.
I 15-tida fredag kom Sveio kommune ut med statusoppdatering i samband med positiv korona-test knytt til Sveio skule. 190 av 210 testar som er tatt av sveibuar i perioden, er negative – ikkje alle har direkte tilknyting til det aktuelle tilfellet.
Vigdartun opnar i dag, og anbefalinga om å avlysa fritidsaktivitetar på Vigdartun og uteområdet opphøyrer også. Sveio skule er framleis stengd for elevar frå 5.-10. klasse til og med måndag. Sveio kommune minner på at dei som er i karantene skal følgja karantenereglane, sjølv om testen var negativ.
Grunnleggande smittevernreglar:
- God hand- og hostehygiene
- Hald minst éin meters avstand
- Hald deg heime dersom du blir sjuk
- Test deg dersom du har symptom på covid-19