nyhende
Snart slutt på stengte og grisete toalett
Statens vegvesen legg rundt 1,5 millionar kroner i potten når dei nå set opp flunkande nytt toalettanlegg ved E39 på Hope.
Oppgradering av plassen omfattar også nytt asfaltdekke, boring av djupvannshol og utelys. Arbeidet startar måndag denne veka, og skal etter planen vera ferdig i oktober. Jostein Myge AS har totalentreprisen.
– Det såg ille ut!
– I utgangspunktet var planen berre å rydda på uteområdet, men då me såg tilstanden, bestemte me oss for å gjera det skikkeleg. Tilsvarande gjer me også på Østbøhammaren i Etne, der var var like ille, opplyser byggeleiar Einar Stange i Statens vegvesen.
Nybygget på Hope får tre toalett, eit for dame, eit for herre, og eit rullestoltilpassa, alle kopla til tett septiktank.