nyhende
Snart slutt på å handle tollfritt frå utlandet for under 350 kroner
Fram til no har ein kunna handle varer for inntil 350 kroner frå utlandet utan å måtte betale meirverdiavgift og toll. Frå 1. januar blir 350-kronersgrensa avvikla.
Bransjepolitisk leiar Jarle Hammerstad i Virke er nøgd med avviklinga.
– Vi meinte grensa var eit stort problem, for du kunne handle utan å betale meirverdiavgift i utanlandske butikkar, mens ein i Noreg må betale dette, seier han til NRK.
I april 2020 blei det bestemt at grensa skulle vekk, og samtidig blei løysinga at det som blir kalla VOEC-ordninga innført.
Det er eit register for utanlandske nettbutikkar. Ordninga inneber at norske private forbrukarar betaler meirverdiavgift på kjøpstidspunktet når dei handlar frå ein utanlandsk nettbutikk.
Hammerstad seier at mange utanlandske nettbutikkar er registrerte i VOEC-ordninga, men at det framleis manglar mange.
– Det er vanskeleg å kontrollere om slike butikkar faktisk betalar meirverdiavgift og om varene dei sel er lovlege.