nyhende
Snart nytt år og ny journalist
Etter å ha jakta på ny journalist sidan tidleg i sommar, kan me endeleg fortelja at Morten Vågset Møller (25) kjem til Vestavind i starten av 2025.
Det er ikkje heilt spikra når han kjem då Morten må avklara med noverande arbeidsgivar, men me er optimistar og har sett 1. februar som ein førebels dato. Han kjem frå Skien i Telemark og har bachelor i journalististikk frå NLA Mediehøgskolen i Kristiansand.
Me gler oss til å bli betre kjent med den nye journalisten, og håper lesarane tek godt imot han. I starten kjem han til å skriva på bokmål, men er klar for å konvertera til nynorsk etter kvart.
– Ei fin mogelegheit
– Kvifor valde du Vestavind?
– Eg valde Vestavind først og fremst fordi eg ønsker å jobba som journalist på fulltid, og ser dette som ei fin mogelegheit til å koma meg inn i journalistikken.
– Korleis blir det å flytta til ein stad der du ikkje kjenner nokon?
– Det er nok det eg tenker mest på før flyttinga til Vestlandet. Det blir ei heilt ny erfaring å busetta meg på ein stad som Sveio, men eg er positivt innstilt og trur ein kjem langt med det. Eg håper å bli kjent med folk som synest eg er ein ålreit fyr, og at eg kan bygga relasjonar både gjennom jobben og på fritida.
Politikk og sport
– Er det saksområde du er spesielt interessert i?
– Dei områda eg personleg er mest interessert i, er politikk og sport. Politikk påverkar det meste i samfunnet, og eg håper å kunna visa lesarane korleis politikken også berører innbyggarane i Sveio. Interessa for sport kjem nok av at eg vaks opp berre 100 meter frå Odds Ballklubb sin fotballstadion. Med åra har eg også utvikla interesse for andre typer idrettar som eg både likar å følja med på og utøva sjølv.
– Kva likar du å gjera på fritida?
– Eg brukar ein del tid på trening og er stort sett innom eit treningssenter 5-6 gongar i veka. Utover dette spelar eg ein del basketball. Ellers likar eg å vera saman med ein gjeng og finna på ting, som å bada om sommaren eller stå på ski om vinteren.
Treng ein plass å bu
Morten treng hjelp til å finna eigna bustad. Han er allergisk mot alle husdyr, så det er eit kriterium at det ikkje er dyr der han skal bu. Møblert eller delvis møblert er bra. Og det er definitivt eit pluss om leilegheita ikkje er så langt frå Vestavind-kontoret.
Ta kontakt med redaktør Ellen Marie Hagevik eller dagleg leiar Susanne Lie Vallestad om du veit om noko som kan eigna seg.