nyhende
Smittetala er jamt låge
Sidan 15. mars er det registrert 18 koronasmitta i Sveio kommune. Måndag 22. mars er det registrert eitt tilfelle, onsdag 31. mars tre tilfelle og måndag 5. april eitt tilfelle.
Sidan smittesituasjonen i kommunane var i utvikling, blei det vedteke av regjeringa at Sveio skulle følgja kapittel 5A i den nasjonale covid-19-forskrifta frå 17. mars til søndag 11. april. Dette har medført at ei rekke verksemder framleis har stengt.
Heimekontor og heimeskule har også vore eit faktum, men i morgon, onsdag blir skulane opna på raudt nivå. Barnehagane er også på raudt nivå, og skal i utgangspunktet vera det ut denne veka.
Kommunalsjef for helse og omsorg, Ingunn Toft fortel om ein relativ roleg påske på korona-fronten. Smittetala har ikkje auka på, men vore jamt låge. Testaktiviteten har vore redusert.
Testsenteret i Aksdal, som testar folk frå Tysvær, Sveio og Bokn, gjekk frå å ta rundt 300 testar dagleg, til å ta i mot under 300 personar på éi veke.
– Det blir spennande å sjå om smittetala aukar no, når fleire testar seg. Det er ikkje venta at dei lokale tiltaka blir lengre enn til 11. april, men at dei då i praksis blir erstatta av dei nasjonale tiltaka, seier Toft til Vestavind.