nyhende
Ungdomar ønskjer meir informasjon om psykisk helse:
– Små ting kan hjelpa ekstremt mange
– Me i ungdomsrådet ønskjer at fleire kjem og snakkar om psykisk helse i klassane, seier Inger Lovise Bua Semb. Noko av bakgrunnen for dette, er spesielt ei trist hending i eit ungdomsmiljø utanfor kommunen, som kjem tett på Sveio-ungdomen.
Representantar i Sveio ungdomsråd er valt inn av ungdommen sjølv for å vera deira talerøyr. Dei skal normalt møtast fleire gonger årleg, og har i tillegg fått tildelt plassar i ulike politiske utval. Inger Lovise Bua Semb og Malene Vikse (begge 17 år) møter i hovudutvalet for helse og omsorg.
Treng å vita meir
Denne veka var første gongen dei møtte politikarane i eit tilnærma vanleg møte. Då politikarane var ferdig snakka, ba Semb om ordet heilt på tampen.
– Me i ungdomsrådet har snakka om dette med psykisk helse. Me ønskjer at fleire kjem og snakkar om psykisk helse og ting rundt det i klassane, var hennar oppmoding.
– Det er spesielt på bakgrunn av ei trist hending i ungdomsmiljøet i Haugesund me har snakka om dette. Me treng meir informasjon og input om dette med psykisk helse. Det er små ting som kan hjelpa ekstremt mange, utfylte Vikse.
Godt motteke
Innspelet frå ungdomsrådet blei tatt godt i mot av politikarane.
– Eg lovar å følgja opp dette, sa møteleiar Ruth G. Østebøvik Eriksen til jentene.
Både Semb og Vikse var glade for mottakinga innspelet fekk.
– Eg kan ikkje hugsa at me fekk noko informasjon om psykisk helse då eg gjekk på Sveio skule, seier Semb, og får støtte av venninna.
Førebyggjing
– Me måtte oppsøka informasjon sjølv. No høyrer me meir og meir om triste hendingar. Det er viktig å advara og informera, seier Vikse.
Dei ser føre seg at ungdomstrinnet treng å vita meir om temaet, gjerne mellomtrinnet også.
Ungdomsrådet har diskutert at dei kan kan stilla som tryggleikspersonar for andre unge, utan at dei har ein plan for korleis det kan organiserast eller synleggjerast, enda.