nyhende

Ottar Krakk sluttar i jobben som kyrkjeverje i Sveio. ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Ottar Krakk sluttar i jobben som kyrkjeverje i Sveio.

Sluttar etter åtte år i leiarjobben

Etter om lag åtte år i stillinga, sluttar Ottar Krakk som kyrkjeverje i Sveio. Det til fordel for tilsvarande jobb i Tysvær. No håpar Sveio kyrkjelege fellesråd at kommunen bidrag med nok midlar til å kunne tilsetje ein arvtakar i full stilling.

Publisert Sist oppdatert

Det var Tysvær Bygdeblad som først kunne melde at Ottar Krakk har takka ja til eit tilbod frå Tysvær kyrkjelege fellesråd, om stillinga som kyrkjeverje i Tysvær.

Samansette orsakar

Krakk seier til Vestavind at det ofte er samansette orsakar til at ein vel å skifte jobb, og at det er slik også for han når han no har bestemt seg for å skifte beite. Men han seier at han mellom anna er nøgd med å komme til ei kyrkjeverje-stilling som har 100 prosent stillingsheimel. I Sveio er stillinga 80 prosent.

— Elles kjem eg til ein litt større organisasjon, det er spennande. Også er det jo slik at når ein har hatt ei leiarstilling som dette over tid, så kan det vere greitt å byte, seier han.

Krakk har elles god røynsle med Tysvær frå før, kor han mellom anna har jobba innan sosial- og barnevernstenesta tidlegare.

— Eg føler eg kjenner Tysvær godt, og veit litt om kva eg går til, seier han.

Vil auke stillingsheimel

Kyrkjeverja blir løna gjennom den ordinære drifta av kyrkja, kor om lag to tredjedelar blir finansiert gjennom kommunalt tilskot.

Nestleiar i Sveio kyrkjelege fellesråd, Johannes Flatnes, meiner der er på høg tid at stillinga blir utvida til ha ein 100 prosent stillingsheimel. Han håpar kommunestyret finn plass til det når kommunebudsjettet for 2023 skal vedtas i desember.

— Etter mitt vet bør ei leiarstilling vere 100 prosent, og me håpar at Sveio kommune vil bidra til at me kan lyse stillinga ut 100 prosent, seier Flatnes.

Han viser til at det i ein kommune med både fleire kyrkjer og kyrkjegardar enn i mange samanliknbare kommunar, så er det også mykje å gjere for kyrkjeverja Sveio.

Flatnes har på vegner av det kyrkjelege fellesrådet forfatta eit brev til politikare, kor det vert argumentert for meir midlar til å kunne utvida stillingsheimelen til kyrkjeverja. Ifølgje Flatnes vil kostnaden ved å auka stillingsheimelen frå 80 til 100 prosent vil liggje på 180.000 kroner inkludert arbeidsgjevaravgift og sosiale utgifter.

Sluttar 1. mai

Det er møte i Sveio kyrkjelege fellesråd torsdag kveld. Der skal ein mellom anna setje ned eit tilsetjingsutval som skal finne ny kyrkjeverje. Ifølgje Flatnes vil ein truleg vente til det er avklart om ein har nok midlar til ei full stilling  eller ikkje før dei lys ut stillinga.

Etter planen vil Krakk stå i stillinga som kyrkjeverje i Sveio ut april neste år, og ifølgje Flatnes håpar fellesrådet å ha arvtakaren på plass til vinteren, slik at dei kan ha ein periode med overlapping og opplæring før Krakk sluttar.

Powered by Labrador CMS