nyhende
Slutt for trykkeriet til Sunnhordland etter 120 år
Polaris Trykk legg ned trykkeriet på Stord, Polaris Trykk Sunnhordland AS, frå 1. januar 2025. Vestavind er ei av fleire lokalaviser som brukar trykkeriet.
På grunn av bortfall av trykkerioppdrag og reduksjon av opplag og antall utgjevingar, har den økonomiske situasjonen i Polaris Trykk Sunnhordland blitt forverra i løpet av 2024, står det i ei pressemelding som kom torsdag ettermiddag.
Vidare står det at det er stor kapasitet i trykkerimarknaden i regionen, kombinert med fallande etterspurnad, som gjer det krevjande å oppnå god økonomi utan konsolidering. På bakgrunn av dette har styret i Polaris Trykk bestemt seg for at dei avvikla drifta i trykkeriet frå 1. januar 2025.
Vestavind ramma
Avviklinga medfører at fleire eksterne kundar, mellom andre Vestavind, må finna ny stad å trykka. Adm.dir. Oddvar Ustad i Polaris Trykk opplyser at Polaris Trykk vil bistå avisene med å finna gode løysingar for dette. Eit alternativ er å trykka hos Schibsted Trykk Bergen.
– I dag har trykkeriet 8,5 årsverk. Dei tilsette har gjort ein svært god jobb i mange år, så dette skjer utelukkande på grunn av press i økonomien innan trykk og distribusjon av papiraviser, seier Ustad i pressemeldinga.
– Som ei skilsmisse
Polaris Trykk Sunnhordland starta i 1904 under namnet Sunnhordland Trykk. Trykkerisjef Morten Tislevoll har vore tilsett i nesten 40 år.
– Det som er kjedeleg, er at me har hatt eit veldig godt miljø. Me er tre stykk som har vore her 45, 40 og 30 år, så me har vore som ein slags familie. Det blir trist å bryta opp, og det blir som ei skilsmisse. Me har hatt mange gode år i ei kjekk bedrift, og det gjer eigentleg enda verre, seier han til avisa Sunnhordland.