nyhende
Slo til taxisjåfør
Natt til søndag rykka politiet ut til Sveio sentrum grunna vold mot ein taxisjåfør.
— Klokka 04.47 fekk politiet ei melding. Det var ein taxisjåfør som hadde hatt ein kunde som utøvde vald mot han, seier Dan Magne Gaard, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Politiet rykka ut og møtte taxisjåføren. Der sjekka dei nummeret til den som hadde bestilt taxien, og spora opp adressa i nærleiken.
Saka skal følgast opp
— Me fekk etter kvart kontakt med han som er mistenkt i saka, ein kar i slutten av tenåra, seier Gaard.
Dei bestemte å ikkje gjera ei pågriping, men tok avhøyr av både fornærma og mistenkte.
— Saka skal følgast opp av politiet, seier Gaard.
Slått i andletet
Han fortel at sjåføren fekk skadar, men ikkje alvorlege.
— Sjåføren skal ha vorte slått nokre gonger i andletet, og det var noko heving rundt auget, seier Gaard.
— Veit de kva som utløyste valden?
— Nei, det er uvisst, seier Gaard.