nyhende

Nesten heile gjengen i Sveio Taxi DA samla i fjor.
Nesten heile gjengen i Sveio Taxi DA samla i fjor.

Slik vil endringar i lokal drosjeteneste påverka kundane

Skal du og gjengen din forflyttast med maxi-taxi ei sein fredagsnatt, gjer du lurt i å bestilla turen på førehand.

Publisert Sist oppdatert

Frå 1. november kom det endringar i drosjetenesta. Det er mykje å setja seg inn i for dei som har drosjeløyve, og nokre få ting å hugsa på for dei som benyttar seg av taxi, i alle fall her i Sveio.

Køyreplikta forsvinn

Lokalt er fem lokale drosjeeigarar tilslutta Sveio Taxi DA, laurdag var siste dagen selskapet hadde såkalla køyreplikt. Kort forklart har selskapet konsesjon frå fylket, og var derfor plikta til å køyra 24 timar i døgeret, 365 dagar i året, dersom nokon ber om det – uansett kor kort turen er.

Taxisjåførar i Sveio Taxi DA var i mot det nye lovforslaget frå regjeringa. – Norsk Taxiforbund vil få Stortinget til å sendaforslaget tilbake, for å m.a. utarbeida konsekvensar betre, sa dagleg leiar Helge Tofte til Vestavind i 2019. F.v. AnetteTofte, Nurhammed Taha Nurhammed, Anitha M. Ramsdal (deltid), Randi Susana Perez, Helge Tofte, Antonio Perez, Odd Arne Eikeland, Jo-hannes Stølås Storli og Andreas Bårtvedt. Frank Bemmann var ikkje tilstades.

Grunna dei nye reguleringane, står dei friare til å tilpassa drifta etter forholda. Det kan merkast – spesielt om du er van med å ringa etter taxi klokka 03.00 på natta, med forventing om at det er kort ventetid og plass til mange.

– Korleis vil kundane merka dette?

– Det har ikkje så mykje å seia for kundane, men bilar som kan ta 16 passasjerar bestillast på førehand – og det kan bli ventetid i helgane, oppsummerer Tofte.

Færre bilar i helgene

Frå 1. november kan eigentleg taxiselskapet gjera nett som dei vil. Stenga telefonane klokka 15.30 kvar dag, til dømes – godt grunnlag for det har dei, sidan 90 prosent av inntektene kjem frå såkalla kontraktskøyring, det vil seia transport av elevar og sjuketransport, som blir dekka av fylket.

– Me kan også seia at me tar oss fri frå litle julaftan til 3. juledag, men me gjer sjølvsagt ikkje det, Me vil at kundane skal ha eit like godt tilbod, seier Helge Tofte, dagleg leiar i Sveio Taxi DA.

Sidan dei ikkje lengre er plikta til å vera såpass mannsterke døgeret rundt, går dei frå to til éin bil på vakt kveldar og helgar. Grunnen til dette er at det ikkje er spesielt mykje å tena på oppdrag til desse tidene.

Har ønskt endringar lenge

Samferdselsdepartementet meiner at dei nye reglane sikrar ei seriøs og trygg drosjenæring for både sjåførar og passasjerar.

– Me har lenge sett at drosjenæringa i Noreg ikkje har fungert godt nok, og utøvinga av næringsverksemda har vore lite fleksibel og lite tilpassa etterspurnaden. Derfor har regjeringa lenge ønskt å gjera endringar i drosjeregelverket, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei pressemelding.

Den største endringa er fjerning av behovsprøvinga på drosjeløyver, noko som betyr at det ikkje lengre vil vera eit fast tal aktørar i næringa, og dermed enklare å etablera seg i bransjen.

Powered by Labrador CMS