nyhende

I år er det stortingsval. Illustrasjonsfoto frå 2017.
I år er det stortingsval. Illustrasjonsfoto frå 2017.

Slik stemte me ved sist stortingsval

Ap, Høgre og FrP var partia som fekk flest stemmer i landet for fire år sidan. Desse sette også sveibuen høgt, men i ei anna rekkefølgje – for lokalt var Høgre på topp, etterfølgd av FrP og Ap.

Publisert Sist oppdatert

Det er fire år sidan røysteføre i landet gjekk til urnene for å velgja dei 169 stortingsrepresentantane for perioden 2017-2021. Det blei borgarleg fleirtal, likt som stortingsvalet i 2013. Høgre, FrP, Venstre og KrF fekk samla 88 representantar, medan dei raud-grøne partia Ap, SV, Senterpartiet og Raudt fekk 80 representantar, MDG fekk éin, oppsummerer Store norske leksikon.

Høgre på topp

Då det var stortingsval i 2017, brukte 3136 sveibuar stemmeretten, det tilsvarar 81,3 prosent av dei 3859 stemmeberettiga. Det er små marginar, men i Førde valkrins fekk FrP flest stemmer, medan Sveio og Vikse valkrinsar prioriterte Høgre høgast.

Samla sett fekk Høgre 26,8 prosent av stemmene, Frp 22,5 prosent, og Ap 18,9 prosent oppslutnad.

Slik stemte sveibuen i 2017

Partinamn Tal stemmer Prosentvis oppslutnad Endring siste stortingsvalg (2013)
Høyre 833 26,80% 2,0 pp
Fremskrittspartiet 701 22,50% 1,2 pp
Arbeiderpartiet 588 18,90% -2,7 pp
Senterpartiet 378 12,10% 3,6 pp
Kristelig Folkeparti 236 7,60% -3,4 pp
Sosialistisk Venstreparti 102 3,30% 1,0 pp
Venstre 99 3,20% -1,1 pp
Miljøpartiet De Grønne 75 2,40% -0,1 pp
Rødt 33 1,10% 0,6 pp
Partiet De Kristne 22 0,70% -1,4 pp
Kystpartiet 11 0,40% -0,1 pp
Helsepartiet 10 0,30% 0,3 pp
Liberalistene 10 0,30% 0,3 pp
Alliansen 6 0,20% 0,2 pp
Piratpartiet 6 0,20% 0,1 pp
Feministisk Initiativ 3 0,10% 0,1 pp
Demokratene i Norge 1 0,00% -0,1 pp

Kjelde: valgresultat.no

Powered by Labrador CMS