nyhende
Slik stemmer du ved valet
Kommunestyre- og fylkestingsvalet og kyrkjevalet blir gjennomført ganske likt. Nokre forskjellar er det, og nokre konsekvensar som kan vera greit å vita om.
Du må ikkje venta til valdagen 11. september for å stemma, og ved sist stortingsval og folkeavrøystinga om fylkestilhøyring førehandsstemte 63 prosent av sveibuane.
Til og med fredag sist veke var det kome inn 323 førehandsstemmer i vallokalet på kommunehuset. Ifølge manntalet er det 4.379 personar busett i Sveio som har stemmerett ved årets val. Siste dag du kan førehandsstemma er 8. september.
– Kva veke er det flest som førehandsstemmer?
– Me har ikkje noko statistikk på det, men mi oppleving og minne frå tidlegare år tilseier at talet på førehandsstemmer aukar veke for veke, med flest den siste veka før valet. Då har me også forlenga opningstider, og mange har sikkert fått med seg debattar og sett seg inn i valprogram, og føler dei har fått all informasjonen dei ønsker for å kunna ta ei avgjerd, seier Bjarte Stølås Storli, valansvarleg i Sveio kommune.
Personstemmer og listestemmer
Om du vil påverka kva kandidatar som blir valde, kan du gi ei personstemme til kandidatane du vil skal få ei ekstra personstemme. Dette blir også kalla å kumulera.
Ver merksam på at dersom du gir personstemme til ein kandidat frå eit anna parti, blir det overført ei såkalla listestemme til dette partiet. Dette kan påverka fordelinga av mandat i kommunestyret.
Framgangsmåten for å gi personstemmer står forklart på stemmesetelen. For at stemmesetelen din skal bli godkjent, må den vera rett utfylt.
Kven har stemmerett?
- Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2023, som er eller har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg.
- Statsborgarar i Danmark, Finland, Island eller Sverige som har fylt 18 år innan utgangen av 2023, og er registrert i folkeregisteret som busett i Noreg seinast 30. juni 2023.
- Personar som ikkje er norske statsborgarar, men som har fylt 18 år innan utgangen av 2023 og har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen.
Ved kommunestyrevalet
- Kryss av i ruta ved sida av namnet på kandidaten du vil gi ei personstemme. Du kan gi personstemmer til så mange kandidatar du vil.
- Skriv namna på kandidatar frå andre parti i eit eige felt på stemmesetelen. Det står på stemmesetelen kor mange kandidatnamn du kan føra opp.
Ved fylkestingsvalet
Kryss av i ruta ved sida av namnet på kandidaten du vil gi personstemme. Du kan gi personstemme til så mange kandidatar du vil.
Legitimasjon
Du må visa legitimasjon når du skal stemma. Legitimasjonen må innehalda namn, fødselsdato og bilete, og kan til dømes vera pass, nasjonalt ID-kort, førarkort eller bankkort med bilete.
Dersom du oppheld deg på ein institusjon som til dømes sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein tilsett til å stadfesta identiteten din. Den tilsette må då legitimera seg.
Valkort
Valkortet er ei stadfesting på at du har stemmerett. Der står det også kor og når du kan stemma på valdagen. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon, og du treng ikkje valkortet for å stemma. Men det går raskare om du har det med.
Kyrkjevalet
Er du medlem i Den norske kyrkja og 15 år eller eldre i 2023, kan du stemma ved kyrkjevalet. I år er det også mogeleg å førehandsstemma digitalt. Det gjer du på kirkevalget.no fram til 6. september klokka 15.00.
Det skal veljast 8 medlemmer og 5 varamedlemmer til kvart sokneråd i Sveio. Nominasjonskomiteen sine kandidatar er sette opp på vallista i prioritert rekkefølge.
Tilleggsstemme og personstemme
Eventuelle kandidatar frå supplerande nominasjon står nedst på vallista utan nummer. Vil du endra på stemmesetelen, kan du:
- Gje tilleggsstemme til inntil tre kandidatar på lista. Det gjer du ved å setja eit merke i ruta til venstre for namnet til kandidaten.
- Gje personstemme til inntil tre andre valbare personar i soknet. Det gjer du ved å føra opp namnet til personen på stemmesetelen. Personen får då éi stemme.
Andre endringar vil ikkje telje med i valoppgjeret. Det er ikkje høve til å stryka kandidatar.
To val i eitt
Kyrkjevalget er to val i eitt, ikkje så ulikt kommunevalet. I kyrkjevalet stemmer du på kandidatar til sokneråd (kyrkja lokalt der du bur), kandidatar til bispedømmeråd (kyrkja i den regionen, altså bispedømmet, der du bur) og Kirkemøtet, som er det øverste demokratiske organet i kyrkja nasjonalt.
Kjelder: Valdirektoratet og Den norske kyrkja