nyhende

Slik ser eit perfekt juletre ut

Det finst standardar for nær sagt alt. Skal du ha eit førsteklasses juletre er nokre av stikkorda edelgran og symmetri.

Publisert Sist oppdatert

Sjå for deg at det ikkje fanst noko kvalitetskriterium for juletre, og at juletrea til sals på torget kom i elleville høgder og hadde alt frå eit par slappe greiner til det tettaste buskas. Korleis kunne du då vere sikker på kva du eigentleg hadde fått i hus – eller at alle barnålene hang på fram til juleftan?

Mangelen på system hadde garantert vore frustrerande. Det er difor det finst standardar for nær sagt alt – juletre inkludert.

Lokalprodusert, kjegleforma og symmetrisk

– Eit førsteklasses juletre er lokalprodusert, kjegleforma og symmetrisk, forklarar Jacob Mehus, som er administrerande direktør i – nettopp – Standard Norge.

Det er dei som saman med partnarar over heile verda skapar standardar for at kvardagen til folk skal vere føreseieleg og trygg, og at det ein gjer eller lagar blir likt kvar gong. Standarden for juletre er til dømes utvikla saman med fagfolk på akkurat dette feltet, og inneheldt ei lang liste med kriterium for kva du bør sjå etter når du kjøper juletre. Den lista skal du sjølvsagt få. Men først litt om standardisering.

Frå kaos til A4

Her i Noreg tok den organiserte standardiseringa til i 1923, då Norges Industriforbunds Standardiseringskomité, forløparen til Standard Norge, vart konstituert.

Ein av dei første tinga dei greip fatt i, var papirformata. På dette tidspunktet fanst det eit virvar av storleikar på brev og konvoluttar som skapte hovudbry for både byråkrati og arkiv. I 1926 vart difor det tyske A-formatet vedteke innført for å rydde opp. Alle A-formata er nemleg formlike. Brettar du eit A4 ark i to, får du fire sider A5. Brettar du eit A3-ark, får du fire sider A4, og så bortetter.

– A-formatet vart introdusert under det fiffige slagordet «På kontor og privat, bruk standard format». Det vart ein kjempesuksess, og sidan har me aldri sett oss tilbake, seier Mehus.

Norsk eksport

I prinsippet er det nesten ikkje den ting som ikkje kan eller er blitt standardisert: Gravferdstenester. Mutterar. Kor mykje brannmotstand ulike bygningsdelar skal ha. Snølast på tak. Tiltak mot økonomisk kriminalitet. Trampolinar. Tannlegeterminologi. Rullebrett og vedlikehald av høyrselsvern. Beredskapsøvingar, transportløysingar og kor mykje fukt det kan vere i fyringsved. For ikkje å gløyme krumminga på agurkar – slik at ein unngår å sende kasser med for mykje luft verda rundt.

Standard Norge forvaltar 40.000 standardar, og om lag 98 prosent av dei er opprinneleg internasjonale. Standardar som er laga nasjonalt i Noreg utgjer berre beskjedne to prosent, men dei betyr likevel mykje på sine område. Me har til dømes nasjonale standardar som regulerer alt frå krav til oppdrettsanlegg og kontoplan for rekneskap, til kvaliteten på skrei, universell utforming av uteområde og coachingtenester.

– Norske standardar får ofte mykje merksemd, og ikkje sjeldan endar dei opp som internasjonale standardar etter kvart. Norske fagmiljø har til dømes teke initiativ til ein Norsk Standard for digitale byggjeprosessar, og ein annan for handtering av plast på fiskefartøy. No er begge blitt internasjonale standardar. Slik eksporterer me ikkje berre ein ny standard, men også norsk teknologi og kompetanse, seier Mehus.

Juletrestandarden

I dag handlar ein stor del av standardiseringsarbeidet om komplekse problemstillingar som kunstig intelligens, CO2-fangst og hydrogen. Utfordringsbiletet for Mehus og staben famnar også eit omfattande arbeid med den sirkulære økonomien i verda. Den har som ideal at alle ressursar skal bli verande i økonomien lengst mogleg, ved at ein reduserer både råvarebruk, avfall, utslepp og energiforbruk.

I desse dagar blir til dømes Norsk Standard 4415, sjølvaste juletrejuletrestandarden, henta fram att av juletreprodusentar over heile landet. I standarden finst det tre klassar juletre. Trea i klasse 1 er dei finaste, og er ofte av typen fjelledelgran eller nordmannsedelgran, fortel Mehus og utdjupar:

– Eit førsteklasses juletre skal vere kjegleforma, og greinkransane rundt skal vere jamnt fordelt og symmetriske og ha ei fyldig og tett nålsetting. Treet skal ha rett stamme og vere uten daude eller knekte greiner. Treet skal også ifølgje standarden ha ein einsarta, fin grøn- eller meir blåleg farge.

God jul i stova

Det betyr sjølvsagt ikkje at trea i dei andre klassane er ubrukelege. Heldigvis for både miljø og tre finst det fleire som faktisk føretrekkjer eit glissent og skeivt klasse 3-tre – så lenge barnålene framleis sit på.

Det har nemleg også standarden tenkt på. For tre til den vanlege forbrukarmarknaden skal fellinga tidlegast starte den 20. november, seier Jacob Mehus og smiler:

– Om du vel eit juletre som følgjer Norsk Standard, får du både eit juletre som er fint – og som har den kvaliteten som gir ei god jul i stova.

Powered by Labrador CMS