nyhende
Slik såg det ut etter påska
Då påska var over, fekk SIM det ekstra travelt med både tømming og opprydding ved returpunkta for hytteavfall rundt om i Sveio. — Ein gedigen ryddejobb for SIM-sjåføren, seier Arild Vik, driftsleiar for innsamling i SIM.
Påska vart solfylt, og folk strøymde til hyttene sine.
Dét resulterte i store mengder hytteavfall ved returpunkta i Sveio.
Ekstraarbeid
Vik fortel at påska har vore særs travel for SIM, og at dei var på tømmerundar både før, i og etter påskeferien.
Særleg den eine containeren på Tittelsnes var fylt til randa då SIM tok turen tidleg etter påske, og dei meiner dei burde ha gjennomført ei ekstratømming der påskeaftan.
Grunna manglande plass i containeren, låg det fleire avfallsposar på utsida. Mykje av avfallet låg strødd utover som følgje av at svoltne og nyfikne fuglar hadde hakka hol på avfallsposane.
Vik understrekar at det finst betre løysingar enn å setja ifrå seg avfallet slik.
— Dersom containeren er full, er det betre om ein finn ein alternativ container. Det finst mange containerar sørover frå Tittelsnes. Alle er å finna i kart på nettsida til SIM og via tømmeappen vår på mobil. Ein bør ikkje setja ifrå seg avfall ved sida av containerane, men heller informera SIM så snart som mogleg, gjerne før containeren vert heilt overfylt, seier han og supplerer:
— At folk set ifrå seg avfallsposane utanfor containeren, skaper mykje ekstraarbeid for SIM-sjåføren, og det resulterer fort i ein tidkrevjande ryddejobb.
— Tøm regelmessig
Ifølgje Vik ynskjer SIM å sjå på mogleiken for å tøma òg halvfulle containerar midt i langhelger, i tillegg til å setja ut fleire containerar for hytteavfall for å styrkja kapasiteten der det er mykje utbygging.
Han meiner òg hyttekundane kan gjera sitt for redusera trykket:
— Mange ventar med å tøma boset til siste dag i ferien. Dersom mogleg, bør ein levera avfall regelmessig, slik at ein unngår opphoping ved returpunkta.
Han informerer vidare om at hyttekundar som har hytte langs ruta til SIM, kan tinga eigne hyttedunkar. Desse fungerer på same måte som avfallsdunkar for vanlege hushaldningar. Dersom ein leiger ut hytta derimot, skal hytta ha same dunkordning som husstandar flest.
— Men det er ikkje alle som er klare over dette. Hyttedunkar kan vera eit fornuftig alternativ til bruk av returpunkt for hytteavfall, avsluttar driftsleiaren.