nyhende

Inntektsskatten for dei som tener over 750.000 kroner blir auka neste år. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK
Inntektsskatten for dei som tener over 750.000 kroner blir auka neste år.

Slik påverkar statsbudsjettet lommeboka di

Lågare skatt på inntekt under 750.000 kroner, lågare makspris på barnehage og dyrare snus er noko av det regjeringa vil få på plass neste år.

Publisert Sist oppdatert
Det er klart etter at statsbudsjettet vart lagt fram klokka 10.

Regjeringa er likevel avhengige av å forhandle med SV for å sikre fleirtal for budsjettet i Stortinget. Dermed vil det bli endringar før budsjettet er heilt spikra.

Her er nokre av punkta som vil påverke kvardagen til folk:

• Ein familie med samla inntekt på 1 millionar kroner og to barn kan få ei samla skattelette på om lag 8.400 kroner samanlikna med 2021 (om lag 6.800 kroner viss foreldra ikkje har fagforeiningsfrådrag).

• I tillegg skrur regjeringa opp skatten på aksjeutbytte og formuesskatten. Aksjeutbytteskatten blir auka med 2 prosentpoeng, medan formuesskatten blir auka frå 0,95 til 1 prosent på trinn 1. I 2022 ville dette ramma folk som hadde formue mellom 1,7 millionar og 20 millionar kroner.

• Maksprisen på barnehagar blir sett ned til 3.000 kroner i månaden. Det er eit kutt på 50 kroner i forhold til slik maksprisen var frå 1. august i år, og eit kutt på 315 kroner frå slik det var frå 1. januar til 1. august. I tillegg blir tredje barn i barnehagen gratis frå 1. januar, medan barnehage blir gratis i heile Nord-Troms og Finnmark frå 1. august.

• Einslege forsørgjarar med låg inntekt får inntil 11.500 kroner meir i barnetrygd. For 2023 blir løftet på 9.600 kroner, fordi omlegginga av støtta skjer frå 1. mars.

• Alle elevar i førsteklasse får tilbod om 12 timar gratis skulefritidsordning i veka.

• Fagforeiningsfrådraget blir auka frå 5.500 kroner i år til 7.700 kroner neste år. Dette er i tråd med det regjeringa lova då dei la fram statsbudsjettet for 2022 i fjor.

• Snusavgifta blir også auka med 0,5 prosent meir enn prisstiginga som regjeringa legg til grunn.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS