nyhende
No kjem haustmørket:
Slik melder du frå om lysmanglar langs vegen
Dagane blir mørkare og gatelys blir igjen viktige i kvardagen vår. I Vestland skal ei ny løysing gjere det lettare å melde frå om feil og manglar ved gatebelysinga.
Vestland fylkeskommune har nemleg teke i bruk ei ny kartløysing for å melde inn feil på veglys. I den nye løysinga kan publikum melde inn feil ved å trykkje på den aktuelle lampa det er feil på.
– Det er viktig at publikum brukar denne løysinga for å melde frå om feil dei oppdagar på veglysa. Då kjem feilmeldinga til rett instans og blir teken tak i så snart som råd. Vi oppmodar difor alle til å ta i bruk denne tenesta heller enn å bruke telefon eller e-post, seier Adrian Kasin, prosjektleiar for elektro i Vestland fylkeskommune, i ei pressemelding.