nyhende
Slik kan uteområdet på Førde skule bli: — Det er heilt fantastisk!
Uteområdet ved Førde skule skal oppgraderast. Berre vedtak i kommunestyret står att. — Me er kjempepositive, skulen har vore kjempeflink til å nytte pengane, seier Annette Hammer Nerland, leiar i FAU Førde.
Leiaren for FAU (foreldrerådets arbeidsutval) er sprudlande glad når ho snakkar om utbetringa som truleg kjem til sommaren.
— Eg synast det er heilt fantastisk. Dei utnyttar uteområdet og har tenkt praktisk om korleis ein kan gjere ting enklare og billigare, seier Nerland.
Samlingspunkt etter skuletid
FAU i Førde har sett teikningane og planane for kva som skal gjerast, og dei er svært nøgde.
— Me gler oss skikkeleg. Det er eit samlingspunkt for barna i bygda også etter skuletid, seier Nerland.
Viss alt går etter planen skal følgjande stå klart til skulestart etter sommaren i 2023:
- Buldrevegg, den eksisterande vert utbetra og gjort tryggare.
- Ny zip-line
- Nytt klatrestativ
- Nytt leikeområde med mjukt plastunderlag
- Sandkassa vert flytta til eit meir skjerma område og utbetra
- Ny gapahuk
— Det trengs verkeleg. Då får dei gøye aktivitetar å utfalda seg i med nye lekeapparat, seier Nerland.
Rosar skule-administrasjonen
Leiaren i FAU gjev ros til skule-administrasjonen for det ho meiner er kløktig økonomisk tenking, og trekk særleg fram eit eksempel.
— Sjå på zip-linen som kjem, i staden for eit sånt underlag som ved Sveio skule brukar dei gras. Då sparar dei mykje pengar, som kan brukast til andre ting, seier Nerland.
FAU ved Førde skule har sagt at dei tek på seg ansvaret for oppføring av ny gapahuk, eit arbeid som leverandør seier er til ein verdi av 49.000 kroner.
— Me stiller gladeleg opp på dugnad. Då får me spart pengar der og, seier Nerland.
Utbetringsplanen for skulen var samrøysta i formannskapet måndag kveld, og den endelege avgjersla vert teken av kommunestyret den 12. desember.
Totalt vert kostnaden 1.105.493 millionar kroner.
Sveio kommune planlegg å få om lag halvparten dekka gjennom tilskot ifølgje saksdokument.