nyhende
Slik gir du hagen ein ny vår
Du må ikkje stå med bakenden i vêret og luke heile sommaren. Vegen til ein frodig, sjølvfornyande og nær vedlikehaldsfri hage ligg faktisk rett under føtene på deg.
Har du tenkt på kvifor du aldri ser snurten av ugraset skvallerkål og vassarv i skogen? Eller kvifor mjøldogg lèt ville roser stå i fred, men går til åtak på dei finaste hagerosene dine? Ja, eller kvifor hagen visnar utan vatn på varme sommardagar, medan skogbotnen nokre steinkast unna er like frodig?
Svara ligg rett under føtene våre, seier Dag Jørund Lønning, som er professor og rektor ved Høgskulen for grøn utvikling på Bryne på Jæren.
Lønning siktar til jord. Til den levande molda som naturen har laga sjølv – og til hagejorda, som ofte er så kunstgjødsla og endevendt og sprøyta at ho ikkje liknar noko naturen har skapt:
– Utan levande jord kan ingenting vekse. Når me øydelegg jorda, sagar me av greina me sit på.
Kjøpt problem
Skilnaden på dei to jordtypane er nemleg vesentleg, fortel professoren. Levande mold og naturnær forvaltning gir ein frodig, sjølvfornyande og nær vedlikehaldsfri hage utan ugras, og bidreg i tillegg til å binde karbon og kjøle ned planeten vår. Og sjølv om hagesentera vil ha oss til å tru annleis, gjer den såkalla plantejorda du får kjøpt det stikk motsette. I røynda er nemleg butikkjorda ofte torv tilsett lettløyseleg næring.
Når me i tillegg kombinerer kjøpejorda med gjødsling, sprøyting, luking og vending av jorda, utarmar me ikkje berre jorda for karbon og varmar opp atmosfæren. Me drep også livsviktige mikroorganismar og lagar ei jord som kjempar konstant for å beskytte seg. Resultatet er ugras og sjukdom – og jord som inneheldt for mykje nitrogen.
Grøn revolusjon
Med den nye boka si «Jordboka for hagen» har Lønning difor som mål å få med fleire av oss på ein aldri så liten grøn revolusjon. Draumen er at hagen skal bli kvarmannsens arena for naturbygging, karbonfangst og matproduksjon. Men skal det skje, må me også slutte å oppføre oss som om natur er noko me kan leggje under oss og dominere, seier han:
– Natur kan ikkje bli moderne og tvingast til rette liner og nøyaktig like avstandar mellom planter og fargar. Alt du gjer i hagen heng også saman, seier Lønning, som peiker på at dagens moderne hagebruk er full av praksis som set dei oppbyggjande økosystema i jorda ut av spel:
- Snuing eller fresing øydelegg jordstrukturen og mangfaldet av bakteriar, nyttesopp og naudsynte rovdyr.
- Pakking med tunge maskiner gjer at dei same mikroorganismane i jorda blir kvelt.
- Sprøyting med gift øydelegg dei vernande mikrobane langs planterøtene.
- Monokultur i form av store plenar med få grasartar øydelegg artsmangfaldet.
- Overgjødsling med nitrogen fører til skadelege nedbrytarar både under og over bakken, ugras og for mykje nitrogenutslepp.
Tvang mot mangfald
For alle dei kritiske punkta er det altså øydelagd jord som er resultatet, understrekar Dag Jørund Lønning. I levande mold finst det enorme mengder med næringsstoff som er lagra i ulike mikroorganismar, og soppen er den aller viktigaste av dei.
Sopp bryt ned daudt og karbonrikt plantemateriale til humus, og byggjer opp ny jord. Til jobben brukar soppen også nitrogen som blir henta frå det øvste jordlaget, og til liks med ulike bakteriar hentar soppen ut næringsstoff frå jorda og fraktar dei til planterøtene. Når me forstyrrar og øydelegg soppveksten i jorda, sluttar difor dei fleste systema i naturen å fungere, slår professoren fast.
Han pratar like entusiastisk om ugraset, som har det som si fremste oppgåve å verne naken jord og å ta opp nitrogen som dei andre plantene ikkje får tak i. Med det reduserer ugraset også nitrogenutsleppa i naturen. Det er altså ikkje utan grunn at du aldri ser bar jord i fri natur.
– Gjødslar du med kunstgjødsel som er full av nitrogen og reduserer artsmangfaldet ved å luke bort alt du ikkje vil ha i blomsterbedet, lagar du perfekte levekår for alle organismane du ikkje vil ha, slik som soppsjukdom og skadelege insekt. Når du lukar og gjer naturen naken, svarar naturen med å produsere meir ugras. Alltid. Det er jo det som er jobben til ugraset! Altså – hageeigarane hamnar jo i ein Sisifos-situasjon der dei sprøytar med gift og står med baken i vêret og lukar heile sommaren utan nokon gong å bli ferdige, seier han og humrar.
Å byggje i høgda
Løysinga på denne evige runddansen er ifølgje Lønning enkel. Den beste ugrasnedkjemparen er å tilføre organisk materiale oppå jorda som gjødsel, anten i form av kompost, flis, lauv eller ugras og deretter dekke jorda med planter. Lønning synst det er nedslåande å sjå at hageeigarar brukar masse tid og krefter på å køyre vekk organisk materiale, for så å reise på hagesenteret og handle daud jord.
I boka forklarar han også grundig kvifor me, til liks med naturen sjølv, bør byggje jorda oppover, i staden for å grave oss nedover eller snu ho opp ned. I skogen legg jo alt organisk materiale som kvistar, lauv og barnåler seg oppå bakken, og ligg der til mikroorganismane bryt det ned og sett det saman att til jord. Jorda blir i sin tur bunde saman av lag på lag med dei livsviktige, tynne trådane av sopp-myecel.
Kortsiktig glede
Ein sunn hage bør i tillegg hovudsakleg bestå av mange – og fleirårige planter. Den djupe jorda som naturen har bygd opp over lang tid, er nemleg alt for verdfull til å kaste bort på eittårige planter som robbar jorda for meir næringsstoff enn dei sjølve gir tilbake, meiner Lønning. Eittårige blomar og grønsaker kan i staden vekse i eit opphøgd bed av kompost kor som helst – også på berg eller mellom steinar:
– Gi den beste plassen og den beste jorda til plantene som lagrar karbon og skal byggje jord i mange år framover. Når du endrar innhaldet i hagen slik, ved å primært gje plass til fleirårige planter med djupe røter, påverkar det alt. Då kan du slutte med kortsiktig brannsløkking og gå over til langsiktig planlegging.
Brukar altfor mykje kunstgjødsel
Og om du skulle vere i tvil: Dette handlar sjølvsagt om noko langt meir enn å skaffe seg ein vakker, sjølvgåande og sjukdomsfri hage. For Dag Jørund Lønning er det trua på at me i fellesskap kan løyse natur-og klimakriser som er drivkrafta i det meste han gjer.
Der nitrogenet før var i atmosfæren og karbonet i jorda, er det no både alt for mykje karbon i atmosfæren – og for mykje nitrogen i jorda.
– Vi har forelska oss i nitrogen og brukar altfor mykje kunstgjødsel som er i ferd med å bli eit stort miljøproblem. Samstundes har me gløymt at det er karbonet som er viktig og grunnlaget for alt liv. Det blir brukt enorme beløp på karbonfangst og lagring, medan jorda lagrar karbon gratis. Om mange nok bidreg til å lagre karbon i jorda, vil difor den samla vinsten vere enorm.
Politikk, takk
Om me handsamar jorda slik Lønning skisserer, kan me faktisk fange om lag 500 kilo reint karbon per mål. Det svarar til rundt ein fjerdedel av karbonet gjennomsnittsnordmannen slepp ut i året. Om dette vart gjort på alle hage-og landbruksareal i landet, ville altså jorda sjølv fanga halvparten av alt karbonet me slepp ut i Noreg, hevdar han.
Nøyaktig kor mykje areal dei norske hagane utgjer til saman, finst det ingen tal på. Me veit berre at det er mykje. Lønning meiner difor det er eit stort paradoks at absolutt ingen politiske parti har ein hagepolitikk.
– Viss du set inn eit nytt vindauga i huset på ein anna plass enn du har søkt om, er styresmaktene raskt på banen. Samstundes har du lov til å sprengje hagen din – naturen – i fillebitar. Det er heilt absurd! Nokon på eit høgare nivå må faktisk gripe fatt i dette. Det er jo langt verre at folk asfalterer heile hagen sin enn at dei byggjer garasjen ein meter for lang, ikkje sant?
Ein ny start
Det kan hende du sukkar litt tungt, no. Kanskje reknar du på alle åra og pengane du har brukt på å skape den nær perfekte hagen, og at du ikkje orkar tanken på å skulle starte heilt på nytt. Det treng du heller ikkje, forsikrar Jordbok-forfattaren.
Mest av alt handlar det om å gjere ting annleis frå no, seier Dag Jørund Lønning:
– Du kan skape mykje endring i løpet av eit år, og på nokre få somrar kan du forandre heile hagen. Slutt å gjødsle med nitrogen, og tilfør heller organisk materiale og karbon. Då vil også den livsviktige soppen raskt etablere seg. Når du skal plante, plantar du tett for å unngå naken jord og ugras. Du har framleis stor fridom til å velje planter, så lenge du brukar fleirårige planter som ikkje kjem i grunnleggjande konflikt med dei naturlege prosessane. Vansklegare enn det, er det i grunnen ikkje.