nyhende

Bensinprisar frå 10. mars. Den siste veka har dei gått endå meir opp.

Slik er avgifts­nivået på bensin og diesel­­

Kjøper du ein liter bensin til 25 kroner, er omtrent halvparten avgifter og moms til staten.

Publisert

Krigen i Midtausten har sendt bensin- og dieselprisane kraftig oppover, og debatten om avgiftskutt er i gang.

For kvar liter bensin du kjøper frå pumpa på bensinstasjonen er avgiftene slik:

  • CO2-avgift: 3,80 kroner
  • Vegbruksavgift: 3,77 kroner
  • Desse avgiftene er faste.

12,57 kroner til staten

I tillegg kjem meirverdiavgift (moms), som er 25 prosent av utsalsprisen – inkludert avgiftene.

Det betyr at dersom du kjøper bensin til 25 kroner literen på ein bensinstasjon – som omtrentleg var prisen mange stader fredag – så er fem kroner av dette moms.

Samtidig betaler du totalt 7,57 kroner i avgifter, slik at innteninga til staten blir på 12,57 kroner per liter, altså litt over halvparten.

Bensinstasjonane sit igjen med omtrent same sum, som går til å dekkje innkjøp av bensin, driftsutgiftene og innteninga deira.

For diesel er reknestykket nokså likt. Der er CO2-avgifta litt høgare (4,42 kroner per liter) og vegbruksavgifta litt lågare (2,28 kroner), så dei totale avgiftene er på 6,70 kroner per liter. Og moms kjem i tillegg.

Omtrent ikkje marginar på diesel

NTB har vore i kontakt med analytikar Per Magnus Nysveen i Rystad Energy for å finne ut sånn cirka korleis innkjøpsprisen er for bensinstasjonane.

Han opplyser at bensinprisen fredag låg på 20 dollar meir per fat enn oljeprisen, ifølgje Argus. Noko som gav ein pris på 120 dollar. Rekna om får ein då ein literpris på 7,5 kroner per liter.

Dieselen låg ifølgje dei same berekningane på 11,3 kroner per liter.

Innkjøpsprisane til bensinstasjonane var fredag rundt 7,5 kroner literen.

Fleire stader i Noreg kunne ein fredag få kjøpt diesel til rundt 25 kroner, noko som i så fall betyr at bensinstasjonane omtrent ikkje har noko margin på dieselen dei sel.

Stoltenberg ser ikkje bort frå tiltak

Denne veka har bensin- og dieselprisane vore godt over 20 kroner, og nokre stader nærare 30 kroner literen.

– Det vi har sett så langt på drivstoffprisane, er ein auke på fire kroner frå januar til det som var gjennomsnittsprisen i går. Frå rundt 20 kroner til i overkant av 24 kroner, sa finansminister Jens Stoltenberg (Ap) i Stortinget onsdag.

Fleire parti har teke til orde for avgiftskutte, og Stoltenberg sett ikkje bort frå at det kan komme tiltak i samband med budsjettarbeidet.

– Relativt stabile marginar

Einar Gotaas er fagsjef i Drivkraft Norge, ein NHO-organisasjon som organiserer bensinstasjonar og andre selskap som sel drivstoff.

Han fortel at avgiftene historisk sett har lege på omtrent 60 prosent av pumpeprisen, medan innkjøpsprisen for diesel og bensin har vore på rundt 30 prosent. Dei siste ti prosentane har gått til å dekkje drift og inntening for bensinstasjonane.

Bensinprisar frå 10. mars. Den siste veka har dei gått endå meir opp.

– Marginen held seg relativt stabil på rundt ti prosent. Det som bevegar seg mest er innkjøpsprisens del av pumpeprisen. Med det prishoppet vi har hatt no, så er det naturleg at den andelen går opp, og at del avgifter i prisen går ned.

– Alle ser jo at oljeprisen har gått mykje opp. Og det påverkar direkte innkjøpspris på bensin og diesel. Det er hovudårsaka at prisane har gått rett til vêrs.

– Heng saman med situasjonen i Midtausten

NTB har vore i kontakt med bensinstasjonskjeda Circle K for å høyre kva innkjøpsprisar dei har. Dei opplyser at dei ikkje kan gå ut med informasjon om dette på grunn av konkurranselovgivinga.

– Generelt kan vi seie at aukane vi har sett no også heng saman med høgare internasjonale innkjøpsprisar, mellom anna som følgje av krigen og den auka uroa i Midtausten, opplyser leiar for kommunikasjon og berekraft Kjetil Foyn.

Han viser også til den nemnde tommelfingerregelen om at drivstoffprisane normalt består av rundt 60 prosent avgifter, 30 prosent innkjøpspris og 10 prosent til drift og andre utgifter på bensinstasjonane.

Powered by Labrador CMS