nyhende
Slik blir prosessen med skulestruktur vidare
I starten av mars vil politikarane få ei sak frå rådmannen, som tar omsyn til høyringssvara. Dei folkevalde skal diskutera og komma fram til ein konklusjon, som kan vera lik rådmannen sin, eller noko heilt anna. Saka skal innom ulike politiske utval, endeleg vedtak er venta etter påske, måndag 12. april.
I desember kom ein rapport som tar føre seg skulesituasjonen i Sveio. Telemarksforskning har gjort ei heilskapleg vurdering, og har sett fram tre rangerte tilrådingar med utgangspunkt i dagens situasjon, og kome med forslag til eventuelle endringar.
Det ligg til grunn at det er stor kapasitet i skulebygga, og venta nedgang i elevtalet, derfor har planen hovudvekt på tal skular. Det er fem skular i Sveio, der tre av dei er i fokus. Førde skule og Sveio skule blir rekna som dei mest sentralt plasserte skulane, som ikkje skal avstå elevar til andre skular. Dette er tilrådingane:
Vikse skule:
Tilråding 1: Flytta elevane på 5.-7. trinn til Sveio skule, og behalda 1.-4. klasse
Tilråding 2: Flytta elevane på 5.-7. trinn til Sveio skule, og behalda 1.-4. klasse
Tilråding 3: Halda fram som i dag
Auklandshamn skule:
Tilråding 1: Halda fram som i dag
Tilråding 2: Leggja ned skulen og flytta elevane til Førde / Sveio skule
Tilråding 3: Leggja ned skulen og flytta elevane til Førde / Sveio skule
Valestrand oppvekstsenter:
Tilråding 1: Leggja ned skulen og flytta elevane til Førde skule
Tilråding 2: Leggja ned skulen og flytta elevane til Førde skule
Tilråding 3: Leggja ned skulen og flytta elevane til Førde skule
Sveio kommune har bede om innspel til tilrådingane. Status no er at rapporten er ute på høyring, med frist 1. februar for å koma med høyringssvar. Opphavleg frist var 22. januar, men fristen blei utvida grunna få innspel.
Innspela frå mellom anna rektorar, styrarar, FAU, SU, elevråd ved skulane, kommunalt foreldreutval (KFU), ungdomsrådet, lag, organisasjonar og Skyss vil danna grunnlag for framstilling av ei sak om framtidig skulestruktur, som skal til politisk behandling i andre møteserie i 2021. 8. mars er det møte i hovudutvala, 22. mars i formannskapet, og 12. april i kommunestyret.