nyhende

Slik blir kulturfestivalen

Brikkene er i ferd med å falle på plass for den første store kulturfestivalen for heile Sveio. No er det førebelse programmet klart, og det er berre å halde av helga 20 til 22. mai.

Publisert Sist oppdatert

Festivalprogram

Førebels program

  • Teatergruppa teARTig viser «Lysistrata» på utescena både fredag, laurdag og sundag.
  • Valenheimen presenterer Bokheksene (Camilla Ruhs og Kristine Thorkildsen) laurdag.
  • Marco Thomas skal ha teaterkurs, eitt for born og eit for vaksne laurdag.
  • Tribute bande-Rust Moon, med Svein Kallevåg i spissen, spelar opp med Neil Young-låtar.
  • Lystgass speler opp til konsert laurdag kveld.
  • FH Nappen band skal ha to konsertar under festivalen.
  • Felleskonsert med forskjellige utøvarar frå Sveio laurdag kveld.
  • Bokbad kor Kristine Thorkildsen (biblioteksjef i Sveio) intervjuar forfattar Agnes Ravatn og Einar Økland.
  • Lyrikar Hans Günther Bonenberger kjem for å presentere si debut-bok «Lealaus grind».
  • Dansegruppene til Sveio kukturskule skal opptre.
  • Billy Økland (bildekunst), Kari Lie og Gudrun Thomas (Keramikk), Vidar Vikse (bildekunst) Reidun Breistig (gullsmed) skal ha salsutstillingar.
  • Motorsagkunstnaren Kenneth Ravn Ottesen skal stille ut eigen skulptur, som etter planen skal bli ståande på Einstadbøvoll gard.
  • Det blir bar med servering på kveldskonsertane fredag og laurdag.

Ved nyttårstider gjekk initiativtakar Marco Thomas ut i Vestavind og bad kunstnarar frå heile Sveio melde seg på Valestrand Kulturfestival. Ein nykommar av eit arrangement, som tek mål av seg til å vise fram det breie kulturlivet i Sveio, uavhengig av sjanger.

— Responsen har vore overveldande, seier Thomas, som no ser at ideen han fekk er i ferd med å ta form.

Noko for alle

Teater, konsertar, bokbad, teaterkurs, målekurs og utstillingar. Det er berre noko av det som står på programmet for festivalen, som vil ha sin hovudbase på flotte Einstadbøvoll gard. Den freda garden ligg like nedanfor Valestrand oppvekstsenter.

— Publikumet skal få oppleve kultur gjennom framsyningar, utstillingar og kurs. Vi ønskjer å få heile familien med og har laga program for både barn og vasne, seier han.

Thomas fortel at det meste føregår på dugnad. Dei legg opp til differensierte billettar, med eigne familiebillettar for det som skjer på dagtid, medan det blir eigne konsert- og teaterbillettar på kveldstid.

— Familiebillettene skal vere rimelege. Det er viktig for meg at heile familien kan delta utan at det kostar skjorta, seier han.

Etter planen vil programma på dagtid vare fram 16-17-tida, medan ein så opnar portane til konsertprogrammet klokka 18.

Marco Thomas (t.v.) er glad for at Andres Blytt stiller Einstadbøvoll gard til disposisjon for den store kulturfestivalen i mai.

Gir noko tilbake

Det er Andres Blytt som eig og driv Einstadbøvoll Gard. Fleire av dei freda bygningane har dei siste åra blitt pussa opp for hundretusenvis av kroner. Mykje av dette er finansiert gjennom offentleg støtte.

— Å stille området til disposisjon til denne festivalen synest eg er ein fin måte å gje noko tilbake til samfunnet på, seier han.

Kulturfestivalen er eit samarbeid mellom mange aktørar i området: Teaterlaget TeARTIg, Valestrand bygdalag, Ørevik grendahus, Einstadbøvoll helselag, Valestrand ungdomslag, Liv og Lyst, Valestrand idrettslag, Valestrand Mannskor og Valestrand kvinne- og familielag, som står bak prosjektet.

Om festivalen, som ser dagens lys i mai, blir å sjå att, vil tida vise.

— Det er fleire som har stort engasjement for festivalen, einskilde nesten euforiske. Og fleire har spelt inn at dette må vi gjere i alle fall anna kvart år, smiler han.

Men førebels er alt fokus på å få til ein best mogeleg festival i år.

— Det er det viktigaste akkurat no. Så får me evaluere og eventuelt leggje vidare planar etter det, seier han.

Powered by Labrador CMS