nyhende

Slik blir endringane i Gullvegen

På Vikse er arbeidet med ny gang- og sykkelveg godt i gong. I prosjektet vil også Straumakrysset bli oppgradert.

Publisert Sist oppdatert

Vats Anlegg var på plass i midten av august, fem mann er i sving kvar einaste dag. No og ei tid framover, er det masseforflytting og sprenging dagane vil bestå av.

– Hovudpoenget er å sikra skulevegen, det vil bli gangsti frå Straumakrysset og heilt til Vikse, seier prosjektleiar i Vats Anlegg, Sigbjørn Gjellestad.

I dag er strekninga både trong og uoversiktleg. I ein sving nær skulen skal fjell sprengast vekk og hovudvegen leggjast om litt, for å gjera plass til den nye vegen for mjuke trafikantar.

I området ved busshaldeplassen vil det bli laga til ein overgang, slik at elevar og andre mjuke trafikantar kan kryssa fylkesvegen, for å komma trygt til og frå skulen.

Vatn og avløp

Når eit såpass inngripande arbeid er starta, er det naturleg å kombinera med andre gjeremål. Under gang- og sykkelvegen, som blir på rundt 500 meter, skal Sveio kommune leggja ny vassleidning og ny pumpeleidning.

Skjult i bakken ligg det også eit nettverk beståande av eksisterande vassleidningar, som ingen har god oversikt over. Det skapar utfordringar.
– Det er slikt me møter på, og me jobbar med å leggja om heile tida, slik at alle har vatn medan me jobbar, seier Gjellestad.

Nytt kryss i Straumavegen

Trafikken skal kunne flyta fint, men det må påreknast kortare stenging.

– Vegen skal haldast open heile anleggsperioden, men framover kan det bli kortare periodar med stengt i visse prosessar. Dersom eitt felt må stengast, vil det bli lysregulering, opplyser prosjektleiaren. Buss og skuleruter vil bli tatt omsyn til i slike tilfelle.

Krysset til Straumavegen vil også få eit løft i form av betre kryssløysing, spesielt med tanke på sikt. Det inneber at krysset blir flytta litt lengre nord på Gullvegen, mot Mølstrevåg. Dei første 50 metrane av den kommunale grusvegen vil bli berørt. Det vil bli to kantstopp i kryssområdet, samt at garden som ligg i området vil få anlagt ein ny veg, ei strekning på 70 meter.

Ferdig innan 2021

I haustferien vil det bli jobba med kabelgrøft frå busshaldeplassen, opp vegen til skulen og inn til trafokiosken.

Gang- og sykkelvegen er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Sveio kommune der dei tar 50 prosent av kostnadane kvar.

Bygginga av gang- og sykkelveg til rundt 10 millionar skal vera ferdig til til nyttår.

Powered by Labrador CMS