nyhende
Slik blir det nye polet
Bjørvika i Oslo. Eit nytt kjøpesenter i Rælingen. Og Sveio sentrum. Det er dei tre stadane i Noreg som Vinmonpolet etablerer butikkar å i 2023. Her fortel Vinmonopolet kvifor det er Sveio sin tur no.
Kommunikasjonssjef Jens Nordahl fortel at Vinmonopolet etablerer tre nye butikkar neste år. Og at dei til ein kvar tid vurderer 200 stadar.
— Kvifor Sveio akkurat no?
— Kommunen har vist god utvikling i folketal og handel over tid. Sentrum i Sveio er eit godt og hyggeleg sted og bo, og det lokale handelstilbodet er ganske godt, med ein god grunnmiks i handelen. Det er rett og slett ein handelsstad folk brukar, seier kommunikasjonssjef Jens Nordhal i Vinmonpolet.
Han legg til grunn at handelen er oppe rundt 170 millionar kroner årleg, noko Vinmonopolet meiner er tilstrekkeleg for å kunne opne ein mindre butikk der.
Kategori 1 eller 2
Det er på det reine at det vil vere snakk om ein kategori 1 eller kategori 2-butikk.
Kategoriane gjenspeiler storleik og vareutval. 1 er minst, 7 er størst. Kategori 1 har rundt 400 varer i sortiment, kategori to har 700-800 varar. I tillegg kan kundane bestille alle varer i Vinmonpolet sitt sortiment, og hente dette på nærpolet sitt.
Det blir ein forsiktig start med andre ord, noko han grunnar med at eigaren, staten, ikkje tillèt å opne butikkar som går med underskot.
Det vil vere snakk om eit pol som ikkje har opent måndagar og tysdagar, og kanskje heller ikkje onsdagar. Opningstidene vil vere typisk frå klokka 12 til 18.
— Om lag 20 timar opningstid i veka, seier han.
Polet i Sveio vil bli ein filial under ein av dei andre butikkane Vinmonopolet har på Haugalandet. Det er ikkje klart kva pol som vil vere «mor» i dette tilfellet. Han anslår at to-tre personar vil kunne ha deltidsjobb på polet
— Men utifrå det me har fått opplyst, så aukar handelen om sommaren grunna mange hytter i kommunen. Så eg ser ikkje vekk i frå at dette også kan bli det med kalla reit sommar-pol, med utvida opningstilbod i sommarmånadane, seier han.
Amanda dreg ut
I nabokommunen Haugesund er det enno eit ope spørsmål om det skal etablerast nytt vinmonopol på Amanda-senteret. Ein prosess som har teke lang tid, men Nordahl seier til Vestavind at etableringa i Sveio ikkje har samanheng med at dreg ut med ei ny etablering i Haugesund.
— Sveio står godt på eigne bein. Me har respekt for dei politiske prosessane i Haugesund, det er naturleg å politikarar brukar tid på å diskutere denne type spørsmål, seier han.
Nordahl seier at om at al går raskt i høve til å finne både lokale, og få dei naudsynte kommunale godkjenningane som må til, så kan eit Sveio-pol opne dørene medio mai-juni 2023.
— Men det er best case scenario, understrekar han.