nyhende
Slepp truleg å slå saman skuleklassar
Rådmannen har funne midlar til Sveio skule i neste års budsjett. Om politikarane følgjer innstillinga, slepp truleg rektor Lene Lier å slå saman klassar.
— Eg flyttar pengar frå løn til straum, seier rektor Lene Lier. seier rektor Lene Lier.
Måndag forklarte ho overfor Vestavind si nettutgåve korleis auka straumprisar indirekte tvingar Sveio skule til å gjere eit stort sparetiltak frå nyttår av. Lier vurderar å slå saman klassar i fjerde og niande trinn.
— Me får tildelt ein sum pengar som skal dekkje utgiftene me har. Størsteparten av dei er løn. Så kjem driftsutgifter som straum, som har auka slik at eg må flytta pengar i budsjettet dit. Då vert det mindre pengar igjen til løn, forklarer Lier.
Pengane ho manglar er rundt 700 000 kroner.
— Det er om lag ein 100 prosent lærarstilling, seier Lier.
Ho synast ikkje det er enkelt å ta eit val i kvar dei skal redusere utgiftene for å kome skulebudsjettet i møte, og at det er ei vond avgjerd.
— Det lagar jo mykje uro. Eg skulle jo helst hatt det slik det er no, seier Lier.
Skulen har nemleg merka at straumprisane stig. Dei tre siste rekningane var på 20.000, 38.000 og 33.000 kroner. Difor ser ho no på å slå saman nokre klassar i fjerde og niande trinn.
Det har skapt reaksjonar blant foreldre.
Foreldre og elevar uroa
— Me er svært kritiske til ein oppdeling og ny deling av klassane midt i eit skuleår, seier leiar for Foreldrerådets Arbeidsutval (FAU) ved Sveio skule, Kathrine Frøiland.
Tysdag kveld heldt FAU og Samarbeidsutvalet (SU) eit møte i forbindelse med saka, og kontakta og invitert politikarar til møtet. SU består av representantar frå skulens tilsette, elevråd, foreldre og ein representant frå kommunestyret.
Frøiland fortel at det har kome reaksjoner frå foreldre etter saka vart omtalt.
— Fleire foreldre har kontakta FAU etter at Vestavind i går skreiv om saka. Foreldre er bekymra og urolege, seier ho.
Frøiland er einig med rektor i at det kan skapa uro for elevane, og seier at rektor og skulen har vore ryddig og open i drøftinga om det mogelege tiltaket.
Elevrådsrepresentantane i niande klasse har i samanheng med forslaget om samanslåing forfatta eit brev. Elevane skriv at dei ikkje ynskjer samanslåing og trur det vil ha ein negativ verknad.
— En samanslåing midt i niande klasse vil kunne føre til uro, både i klassane, men også blant foreldre. Korleis skal ein samanslåing organiserast utan at det blir styr? Skal ein dele opp i tre nye klassar slik at ein må jobbe resten av niande klasse og starten av tiande klasse på å skape godt klassemiljø, eller skal ein splitte ein klasse og fordele på dei andre? Kva klasse skal delast? spør elevråds-representantane Isabella Vea Høyland (9A), Aleksander Frøiland Revheim (9B), Mads Haugan Våga (9C) og Mari Frøiland Knutsen (9D) i brevet.
Rådmann: — ikkje naudsynt
Konstituert rådmann Ingunn Toft presenterte måndag kveld eit framlegg til budsjett for Sveio kommune i 2023. Då var ho spurt av representant Asle Georg Halleraker (uavhengig) om skulesaka.
— Me har lagt frem eit budsjettforslag i dag kor det mellom anna er kompensert 2,7 millionar kroner, mynta i størst mogeleg grad på Sveio skule, då for å unngå dei verknadane, seier Toft.
Ifylgje rådmannen vert det difor truleg ikkje nødvendig å slå saman klassar på Sveio skule, grunna høge straumrekningar.
Då rektor vert kontakta om rådmannens utsegn og tildelinga i budsjettforslaget svarar ho:
— Eg synast det er kjempeflott. Slik det ser ut no vil eg kunne nå ramma utan å måtte slå saman, seier Lier.
Om det vert nødvendig å slå saman klassar skjer det etter nyttår, og vil påverke eitt trinn. Viss det vert fjerde klasse går dei frå tre til to klassar med 23 elevar i kvar klasse, og vert det niande går dei frå fire til tre klassar med 28 elevar i kvar klasse.