nyhende
Slakteavfall høyrer ikkje heime nær veg og vatn
– Viltforvaltninga vil oppmoda jegerar å vera merksame på kor slakteavfall blir plassert. Det skal ikkje vera slik at ein skal dumpa restar etter fleire dyr på same plass i naturen, seier viltansvarleg i Sveio kommune, Dagfinn Bjørge.
Etter å ha blitt varsla av grunneigar om funn av store mengder slakteavfall måndag, tok viltansvarleg i Sveio, Dagfinn Bjørge turen til Lokna. Her noterte han seg avfall frå ei vaksen kolle (hjort), og ei rådyrgeit (fell, hovud, bein, vom og anna) som var kasta like ved Storavatnet.
– Når det gjeld dette avfallet, vil eg tru det er hive der etter at ein har flådd dyret ein annan stad. Det er nok ikkje uvanleg at dette blir ført tilbake til naturen, at ein kastar det i utmarka. Men i høve dette tilfellet burde nok ikkje avfallet vore hive så nær veg og vatn. Vedkommande sitt areal er vel heller ikkje med i noko hjortevald, då har slakteavfall ingenting å gjera på hans eigedom, fastslår Bjørge.
Inga melding om tjuvjakt
I følgje Bjørge er det vanleg at slakteavfall blir lagt att i naturen etter felte dyr, dei «vombar» dyra rett etter at dei er skotne. Avfallet som blir liggjande blir snart fortært av åtseldyr.
Han bekreftar elles at Viltnemda har ikkje fått melding om tjuvjakt, verken i Lokna-området eller annan stad i kommunen.