nyhende
Skulle gjerne hatt eit meir forutsigbart vedtak i saka
I ei pressemelding oppsummerer Sveio Høgre deira tankar i prosessen kring skulesaka, som har opptatt mange dei siste vekene.
Sveio Høgre har sidan valet vore klare på at dei ønskjer å behalda dagens skulestruktur, og den siste tida har dei jobba saman med partia i opposisjonen jobba hardt for å belysa saka på ein god og konstruktiv måte, går det fram av meldinga.
Ro og tryggleik
– For oss har det heile tida vore viktig å behalda ro og skapa tryggleik for bygdene – også i framtida. Opposisjonen inviterte posisjonen til samtalar for å dempe uroa, og prøvde å få til eit samlande kommunestyrevedtak, står det i skrivet.
Vidare synest dei det er kjekt å sjå at eit samrøystes kommunestyre i Sveio i kveld samla seg om det viktigaste punktet i skulesaka: «Punkt 1) Skulebruksplan for Sveio Kommune 2021-2027 ferdigstillast utan endring i skulestrukturen»
Saman med Sp, KrF, MDG og SV ønskja Sveio Høgre eit nedre nivå på gjennomsnittleg 35 elevar over ein periode på 4 år, før ein igjen kan vurdere endring i skulestrukturen. Dette er etter deira syn eit fornuftig nivå, som dei meiner vil bidra til tryggleik rundt både skulane og bygdene i lang tid framover.
– Dette fekk me ikkje fleirtal for i kveld. Fleirtalet på 13 mot 12 enda på 40 elevar over ein periode på 2 år. Det enorme engasjementet som er vist i heile kommunen er noko me må ta med oss vidare, dette skal me bruke til å skape oss ein god kommune – der me satsar for framtida i heile kommunen. Sigeren for å behalda skulane er vunnen for denne gong. Me i Sveio Høgre gler oss over det, men skulle gjerne sett eit meir forutsigbart vedtak i saka.