nyhende
Skulle gjerne hatt ein diskgolfpark
Marie Tveit er denne vekas «Hei, sveibu!».
– Kva gjer du til dagleg?
– Eg jobbar i barnehage, og så likar eg å laga mat.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Det er at me bur i så naturskjønne omgjevnadar. Eg går mykje tur i nærområdet der me bur.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Diskgolfpark. Det er veldig gøy å spela diskgolf, men eg må heilt til Kopervik for å finna næraste park. Det blir litt langt å køyra.
(Diskgolf, eller frisbeegolf, er å kasta frisbee i korger med nett, og det gjeld å ha færrast mogeleg kast på kvar korg. Akkurat som golf og færrast mogeleg slag på kvart hol.)
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Somrane på Valevåg camping med mykje familie rundt oss og mormor på næraste naboplatting. Seinare kjøpte me hytte på Liereid, og det er den finaste plassen på jord. Der er me mykje.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Dei tilsette ved Sveio omsorgssenter. Dei gjer ein veldig fin jobb. Eg har ein bestefar der, og han har det bra og blir tatt godt tatt vare på. Dei fortener skryt for å gi god omsorg sjølv om det stadig er innstrammingar. Og så må eg skryta av barnehagepersonalet eg jobbar med. Det er for lite folk, men alle står på. Som dei nok gjer i dei andre barnehagane i Sveio også.